Framside ]  [ Aktivitetar ] 


Medlemsnytt



Onsdag 5.april 2017 hadde historielaget "kveldsete" i løa til Hallvard og Sølvi Eide for å sjå på steinsamlinga deira. Sjå referat :



*Søndag 21.august 2016 var det bygdevandring på Skarbø. 28 personar var med på ein rundtur gjennom bustadfeltet Skarbøhagen og vidare inn til dei gamle bruka på garden. Deretter tok vi turen ned den gamle hovudvegen mot Vestre, og tilbake langs den nye gangvegen. To dyktige kjentfolk, Bjørn Steinar Skarbø og Knut Harstad losa oss gjennom turen og fortalde om historia til dei ulike stadane vi passerte.

Vi starta på skuleplassen der Bjørn Steinar gjekk gjennom historia
til forsamlingshuset og skulen.

Vandrarane på tur gjennom det velstelte tunet til Jens Skarbø.


Litt framom husa var det ein vegabarde som var fin å sitte på medan vi høyrde
Knut Harstad fortelje om Jarskar, garden som ligg oppe ved enden av vegen.


Murane etter det første skulehuset ligg ved den gamle hovudvegen.


Jarle Erstad takkar vandrarane for frammøtet, og dei to kjentmennene for innsatsen.
Med på bildet er også Målfrid og Svein Sjåstad.


*Onsdag 4.mai 2016 var historielaget på tur til Langskipsøya for å sjå på den gamle løa som Storfjordens Venner har restaurert.
Sjå referat frå turen:

Den falleferdige løa har blitt god som ny.

Dei vel 30 frammøtte lytta interessert då Asgeir Kvernberg fortalde om restaureringa.


*Ondag 2.mars 2016 heldt historielaget sitt årsmøte på Kyrkjetorget.
21 medlemmer møtte.Dei vanlege årsmøtesakene vart handsama, med val og prioritering av oppgåver.
Årsmeldinga for 2015 vart godkjent, og du kan lese den her. Korleis styre og nemnder er samansett etter valet finn du her. Årskontingenten for 2017 vart sett til kr.325,-
Sjå referat frå Årsmøtet:



*Vi kunne vel knapt fått betre ver enn det vi hadde på bygdevandringa frå Apalset til Steinane søndag 23.august 2015. Vi starta ved det gamle skulehuset som no er forsamlingshus, og dei dyktige kjentmennene og -kvinnene leia oss gjennom både historie og landskap på ein framifrå måte. Vandringa gjekk gjennom Nilsgarden og Berngarden og vidare inn til Storvika. Der vart vi mottekne av familien Amdam, og kunne sløkke tørsten med vatn eller saft. Rolv Amdam fortalde om historia til garden, og her fekk vi også høyre om Steinane, som opphavleg hadde vore ein husmannsplass.

Vandrarane har samla seg på skuleplassen ved forsamlingshuset.

Etter ei vellukka kryssing av europavegen, la vi turen nedover til dei gamle gardsbruka
på Apalset.

Nede i Nilsgarden var det fint å slå seg ned på grasbakken i gardstunet.

Fire kjentmenn på Apalset: Sigmund Stene, Hans Martin Abelseth,
John Abelseth og Odd Asbjørn Nybø


Flagget hadde kome til topps i Storvika då vi kom, og mange stilte seg opp
langs den gamle postvegen til Borgund.


I 25 - 26 varmegrader og sol frå klar himmel, var det fint å søke ly under dei gamle frukttrea..



*Ondag 4.mars 2015 heldt historielaget sitt årsmøte på Kyrkjetorget.
18 medlemmer møtte.Dei vanlege årsmøtesakene vart handsama, med val og prioritering av oppgåver.
Årsmeldinga for 2014 vart godkjent, og du kan lese den her . Korleis styre og nemnder er samansett etter valet finn du her. Årskontingenten for 2016 vart sett til kr.325,-



Onsdag 3.deember 2014 var årets siste kveldsete halden på Kyrkjetorget. Denne gongen vart historielaget sitt Årsskrift for 2014 presentert. Her kan du finne eit referat frå kveldseta:


Onsdag 1.oktober 2014 var det kveldsete på Kyrkjetorget med tema "Tyssa under siste verdskrigen". Der var det heile 42 frammøtte.
Her kan du finne eit referat frå kveldseta:



*Ein tur langs Postvegen frå Gjærsleet til Stortrøna, 20.juli 2014.
Som dei fleste veit, driv Allskog for tida tømmerdrift i Landedalen - noko som også vedrører det flotte kulturminnet "Den Trondhjemske Postvei" som går gjennom dette området.
No er det vel slik at moderne skogsdrift må drivast med moderne maskiner. Dessverre gjer desse maskinene skade på terrenget, og vår stolte postveg har heller ikkje gått fri - noko som kan verke deprimerande når vi tenkjer på alle dei dugnadstimar og pengar som er lagt ned i dette prosjektet.
Allskog har i si kontrakt bunde seg til å sette i stand etter seg, og vi får vone at dette skjer raskt, og at vegen blir like fin som han var før. Terrenget blir nok endra, men når skogen først er planta, må han også før eller sidan hoggast - det må vi akseptere.

Frå Haughjellgrova til Stortrøna går det godt an å gå, men frå Haughjellgrova og sørover er det lite framkomeleg, som bileta viser.

På veg nordover. Like etter at vi kjem opp frå stien som bitt saman den nye og den gamle
postvegen, er det dette synet som møter oss. Greiner og kvist ligg over vegen.

Litt lenger framme ligg det tømmerstokkar tvers over vegen.

Eit stykke før vi kjem til kloppa over Haughjellgrova er det heller ikkje så mykje synleg veg.

Sett sørover i same området.


Der maskinene har grave seg djupe spor tvers over vegen, ser vi kolhaldig jord, med restar
av brent tre og andre "spennande" partiklar. Dette er restar etter då dei bygde vegen på slutten
av 1700-talet. Truleg har dei brent kvistar og rusk etter at dei rydda traséen, og så har dei
grave bålrestane ned i vegen.


Ei trøyst er det at den flotte brua over Tverrelva er like fin.



*Historielaget si årlege bygdevandring gjekk av stabelen søndag 25.mai 2014. Denne gongen var det Valgermo - Giskemo - Vallbøen som skulle utforskast nærare, og det var mykje som kom fram, både av gammal og nyare historie frå desse gardane. Turleiarar og historieforteljarar var Arvid og Magne Valbø, Kirsti Klokkehaug Fjørtoft, Jorunn Giskemo, Oddny-Lise Nakken og Tore Gjære.
Det var mange som hadde møtt fram for å høyre om tidlegare tider i denne delen av bygda. Veret var fint, sjølv om temperaturen ikkje var på topp, og det såg ut til at dei frammøtte hadde ein triveleg tur.

Jorunn Giskemo fortel om slekt og historie frå heimegarden sin, Pettergarden.

Interesserte tilhøyrarar i Pettergarden på Giskemo.

Her er det Kirsti Klokkehaug Fjørtoft som fortel om Sersjantgarden
(eller Sjersantgarden som han heiter i daglegtale).

I tunet på Sersjantgarden var det også høve til å setje seg og kvile.


Her er eit litt fyldigare referat frå vandringa



*Ondag 5.mars 2014 heldt historielaget sitt årsmøte på Kyrkjetorget. 16 medlemmer møtte. Utanom dei vanlege årsmøtesakene, var den viktigaste saka spørsmålet om framtida til Paktarhuset. Det var stort fleirtal for at historielaget framleis skal eige og vedlikehalde huset med vognhus/smie som oppbevaringsstad for laget sine arkiv og gjenstandar. Aktivitets- og museumsnemnda vart slegen saman med Husstyret, og den nye nemnda blir no leia av Ove Eide.
Her er eit referat frå årsmøtet:



*5.februar 2014 var vi 48 personar som hadde møtt opp på Kyrkjetorget for å sjå på gamle bilde, og høyre Ole Øystein Nybø fortelje om historia kring dei:
Her er eit referat frå kveldseta:



*Historielaget avvikla onsdag 4.desember 2013 den siste kveldseta for året.
Tema var årsskrift 2013. Her er eit referat frå møtet



*Ole Øystein Nybø tildelt Ørskogprisen 2013!

Det er med stor glede og stoltheit vi kan melde at ein av våre mest trufaste medarbeidarar i historielaget, Ole Øystein Nybø, er tildelt den nyoppretta Ørskogprisen for sin mangeårige innsats for det historiske arbeidet i bygda.

Gratulerer, Ole!

Du kan lese heile grunngjevinga for at han fekk prisen her:



Ole Øystein ved arbeidsplassen sin.


*Stort frammøte på ei vellukka kveldsete 6.11.2013 om Ørskog kyrkje.

36 personar hadde møtt fram på Kyrkjetorget for å høyre om kyrkja si historie.

Du kan lese referat frå kveldseta her:

Litt av møtelyden på kveldseta.


Prost Svein Runde har ordet.


*Øvste Tverrelvbrua restaurert!
Sommaren 2013 vart Tverrelvbrua på Postvegen restaurert av kyndige folk. Det var Statens vegvesen som stilte med ekspertisen, og arbeidet gjekk svært så fort unna. No kan ein trygt passere elva, sjølv om den mellombelse trebrua er fjerna.

Øvste Tverrelvbrua i ny skikk.


*Tysdag 5.mars 2013 vart Årsmøtet i historielaget avvikla på biblioteket.
21 medlemmer hadde møtt fram, og det må seiast å vere eit bra frammøte. Åse Karin Gjære hadde sagt frå seg attval som leiar, og ho fekk takk og blomar for innsatsen sin. Årsmelding og rekneskap vart godkjent utan merknad, og valnemnda hadde gjort ein god jobb, så alle val gjekk greitt. Du kan sjå her korleis styre og nemnder er samansett for 2013. Årskontingenten for 2014 vart fastsett til kr 250; det same som i år;. Ei viktig sak som vart drøfta på møtet var framtida for Paktarhuset.Etter at Riksantikvaren vende tommelen ned for planane om å gjere huset tilgjengeleg for rørslehemma, og det faktum at ein står framføre store vedlikehaldsoppgåver, var det reist tvil om det var rett for laget å satse vidare på huset. Etter ein god og konstruktiv debatt vart styret si tilråding samrøystes vedteken: "Årsmøtet i Ørskog historielag 5.mars 2013 vedtek at styret og Husstyret saman legg ein plan for istandsetjing/oppussing av huset. Å ta vare på huset som ein kulturhistorisk verdi står sentralt for ØH".

Årsmøtelyden 2013.


*Den nye trebrua er på plass!
No er det igjen trygt å krysse Tverrelva når ein går Postvegen mellom Gjære og Stortrøna.Det er Ålesund og omland Friluftsråd som har stått for konstruksjon og bygging av brua, og ho har blitt verkeleg flott! Friluftrådet skal ha all ære og takk for gjennomføringa av dette prosjektet. Vi reknar med at endå fleire no vil nytte denne delen av Postvegen til turveg.

Her er brua sett frå nord i lav haustsol.



*Nytt håp for øvste Tverrelvbrua! På "Den Trondhjemske Postvei" gjennom Landedalen er det ei bru over Tverrelva. Denne brua har lenge stått på skade, og forfallet vert meir og meir synleg for kvart år. Det har lenge vore eit ynskje om å få restaurert brua, men til det trengst det både pengar og dugande fagfolk som kan steinmuringskunsten. No ser det ut til at begge deler skal løyse seg. Tysdag 3.juli 2012 møttest representantar for Ørskog Historielag, Ålesund og omland Friluftsråd og Statens vegvesen til synfaring på brua. Statens vegvesen har Postvegen på si liste over verneverdige objekt, og dei kan også stille med ein gjeng godt vaksne karar (den eldste 79 år!)som er drevne steinmurarar. Ein slump pengar har dei også å legge i potten, og resten har ein von om å skaffe frå andre kjelder. Historielaget og Friluftsrådet har teke på seg å stå for den praktiske gjennomføringa av prosjektet, så alt er i gode hender.
Som eit strakstiltak er det meininga å lage ei trebru oppå den gamle, slik at folk kan ferdast trygt på vegen. Då kan det også bli aktuelt å arrangere ein utvida postvegmarsj frå Amdamsfjøra til Stortrøna. Kanskje seinare heilt til Bythaugen?

Frå venstre: Jan Lande og Åse Karin Gjære frå Historielaget, Harald Storflor frå Statens vegvesen,
Geir Haugli og Gunnar Tenfjord frå Friluftsrådet.

Allereie i 2009 var brudekket nokså redusert.

I 2012 har endå fleire heller falle ned.


*Historielagt si bygdevandring sommaren 2012 gjekk føre seg på Vestre den 10.juni. Det var skya opphaldsver utan den høgaste sommartemperaturen, men fint for ei vandring i det kuperte terrenget. Eigarar og bebuarar på dei ulike bruka losa oss gjennom ei løype som starta ved ein gravhaug nede på den eldste dyrkamarka, der Jon Skjelten fortalde om Jakobgarden. I Rasmusgarden var det Jostein Vestre som tok for seg historia om dette bruket.Vi heldt fram langs den gamle vegen til Vaksvika, forbi bautaen over dei som deltok i krigen 1807-14, fram til dei to bruene over Vestreelva. Her var det Thorbjørn Fylling som var kjentmann. Deretter returnerte vi ned til Knutskiftet og utover langs riksvegen. No var det Olav Rune Vestre som fortalde historia (og historier) om dei bruka vi passerte. Vandringa enda ute på bruket Sollund, der Arne Jan Sollied var godt kjent. Då hadde vi hatt tre trivelege timar med mykje interessante og lærerike opplysningar.

Jon Skjelten på toppen av den gamle gravhaugen der det tidlegare skal ha stått ein bautastein.
Ute til venstre Terje Misund med forsterkar og høgtalar..

Thorbjørn Fylling ved bautaen som Ørskog kommune reiste i 1914 til minne om dei som deltok
i krigen 1807-14.

Ved løa på Høgbøen.

Framfor gamlehuset i Ivergarden.Med mikrofonen: huseigaren Olav Rune Vestre.


*Tysdag 6.mars 2012 var det igjen tid for årsmøte i historielaget. Denne gongen vart det halde i Paktarhuset, og ein av grunnane til det var nok at framtida til huset skulle diskuterast. Etter at dei lovfesta sakene med mellom anna årsmelding, rekneskap og val var avvikla, og vi hadde hatt ei matykt med kaffi og marsipankake, kom dette viktige temaet med lagnaden til lagshuset på sakskartet. Det var 19 medlemmer som hadde møtt opp, og det kom fram mange synspunkt i saka, både humoristiske og alvorlige; - ja,enkelte krasse innlegg kom det også. Så styret har ein del synspunkt frå medlemmene når dei skal arbeide vidare med denne saka.

Når det gjeld samansetjinga av styre og nemnder etter vala, så kan du sjå den her Årsmeldinga finn du her



Vi er endeleg i gang att med korrekturlesing av kyrkjebokregistreringane etter ein lengre pause. Ole Øystein Nybø har gjort ferdig registrerigar frå 1743 til 1773, og før dei kan leggast ut på nettet må dei kontrollerast.

Paul Frøysedal og Johan Jørgenvåg er klar til innsats.

Magnhild Bakke, Magnhild Schmidiger og Terje Misund i full gang med korrekturlesinga

Det er ikkje alltid så lett å lese skrifta i gamle kyrkjebøker.


*Søndag 19.juni 2011 var det bygdevandring på Amdam. Denne gongen var vi svært så heldige med veret, og det var vel tretti personar som hadde møtt fram for å vere med på turen. Vi starta ved butikken til Nils I. Amdam og fekk høyre historia om 51 års drift fram til den vart nedlagt i 2003. Så gjekk turen gjennom tuna på Einhaugen, Bakken, Olegarden og Larsgarden, med skiftande kjentmenn. I Olegarden hadde dei elles ei overasking til oss, i det vi vart inviterte inn i kjellarstova på kaffi og nysteikte sveler. Vandringa vart avslutta med ei omvisning på Amdam Sag og Høvleri. På desse 3 timane hadde vi som var med på vandringa fått nærare kjennskap til endå ein del av bygda vår, og vi ser fram til fleire liknande høve.

Vi samla oss i tunet på Einhaugen der Roger Amdam fortalde om historia til garden.

Terje Misund er slitaren som alltid stiller opp på vandringane våre
med forsterkar og høgtalar på ryggen. Ein uunnværleg person!

Gjennom tunet på Bakken.

I Olegarden var det Hans Petter Amdam som fortalde om denne garden.

Vandrarane har benka seg i kjellarstova i Olegarden der det vart servert kaffi, brus og sveler.
Vi vil nytte høvet til å takke vertskapet!
Under bordseta fortalde Rolv Amdam om tida då her var hagebrukskurs, og han fletta inn
mange muntre historier frå barndom og ungdom.


* På Ørskogdagane 28. og 29.mai 2011 var Historielaget til stades og slo eit slag for sine aktivitetar. Lokomobilen vart starta, og kvennhuset var ope for innsyn. På Bankplassen hadde vi eigen paviljong med sal av tidsskrift og anna.
Søndag var det sentrumsvandring der ca 20 vandrarar vart med på ein tur langs den gamle vegen gjennom Sjøholt-tunet opp til Steinholt. På utvalde stader stansa vi og snakka om korleis det var her i "gamle dagar".

Frå sentrumsvandringa.

* Måndag 7.mars 2011 vart det avvikla Årsmøte i historielaget. 16 medlemmer hadde møtt fram for å foreta dei lovfesta val og for å diskutere framtidige oppgåver for laget. Årsmelding og rekneskap for 2010 vart lagt fram og godkjent utan merknader. Vala gjekk også greitt; - valnemnda sine framlegg vart vedtekne utan diskusjon.
Korleis styret og nemndene elles er samansett etter vala, kan du sjå her.
I matykta vart det servert marsipankake og kaffi, og den andre delen av møtet vart vigd planlegging og prioritering av årets aktivitetar.

Ein del av møtelyden på Årsmøtet.



* Fotoregistreringsgruppa i historielaget fekk for ei tid sidan låne to bilde som viser "Fru Wulfsbergs kor" i Prestegardshagen. Koret er fotografert i to omgangar. Først venstre halvdel, og så høgre, med god overlapping. Personar som er nokolunde sikkert identifisert, er:1 Lagertha Wulfsberg, 2 ?, 3 Emma Os (Lid), 4 ?, 5 Johanne Sjøholtstrand (Ringset), 6 Sofie Sjøholt (Pe-Lars-Sofie), 7 Thea Giskemo, 8 Gjertrud Wulfsberg, 9 ?, 10 Lovise Abelseth, 11 Anne Tuene (Giskemo), 12 Anne M. Sjøholt (Aksel-Ane), 13 Gitta Abelseth, 14 Honoria Wulfsberg, 15 Johanne Giskemo (Klokkehaug), 16 Elen Giskemo (Sollied), 17 Anne Egge, 18 Anne Sjøholt (Pe-Lars-Anna), 19 Petra Braute (Kjellar-Petra), 20 ?, 21 Laurits Svindseth, 22 Karl Hatlen, 23 ?, 24 Peder Giskemo, 25 Knut Langlo, 26 Lars Ringset, 27 Ole O. Valbø,28 Sigurd Vang.
Dei som har hjelpt oss med opplysningar er: Eldbjørg Haugton, Kåre Giskemo, Anders Wulfsberg, Astrid Flaate, Rolv Amdam og Waldemar Ørskog. Vi takkar hjarteleg!

Her er den venstre delen av forsamlinga.

- og her er den høgre delen av forsamlinga.

* For ei tid sidan avslutta Ole Øystein Nybø endå eit kjempearbeid: Han har registrert alt i dei gamle kyrkjbøkene frå 1720 til 1773! No er det vi i "korrekturgjengen" som heng etter. Registreringane må nemleg gjennomgåast og kontrollerast før dei blir lagt ut på Digitalarkivet. Men vi arbeider med saka, og 6 personar møtest 2 - 3 gonger i månaden på Biblioteket og les korrektur. Det er fyrst når ein går inn i materien at ein verkeleg ser kva for ein innsats som ligg bak desse registreringane. Vi er heldige som har Ole Øystein med oss på laget!

Paul Frøysedal og Magnhild Schmidiger sjekkar dei registrerte opplysningane.


* Lokomobilen flytta! Det "gamle" lokomobilhuset står i vegen for nye vegløysingar i sentrum, og eit flott, nytt hus har kome opp i Bankparken. Laurdag 8.januar 2011 var ein ny milepel nådd, i det det var klart for flytting av lokomobilen over i det nye huset. Først vart klenodiet slept over i vaskehallen til Sjøholt Last og Buss for ein grundig vask. Deretter var det flytting med bil over til det nye huset. Alt gjekk prikkfritt etter planen, og lokomobilen står no til ålment påsyn i sitt nye utstillinglokale.

Det flotte, nye utstillingslokalet sto klart til å ta i mot den nye bebuaren.

Etter ein grundig vask vart lokomobilen lesst opp på bilen for å fraktast over til Bankparken.

Ekvipasjen er framme, og klar til avlessing

Å få manøvrert maskinen inn i huset viste seg å gå heilt utan problem.


* Tysdag 2.november 2010 samlast ein del historielagsmedlemer til kveldsete på Biblioteket for å diskutere på kva måte Ættesoga for Ørskog best kan vidareførast. Ein av innleiarane var Stein Arne Fauske frå Sykkylven. Han arbeider for tida med gards- og slektshistoria for "gamle Haram", og fortalde om sine erfaringar i dette arbeidet. Deretter fortalde Ole Øystein Nybø om sitt arbeid med å skrive av kyrkjeboka for Ørskog, og korrigering av ein del feil i Ættesoga for Ørskog.
Dei frammøtte vart så oppfordra til å kome med sine synspunkt, og styret fekk ein del innspel som dei vil ta med seg i det vidare arbeidet.

Fauske (heilt til høgre) fortel om arbeidet sitt for eit interessert publikum.

Stein Arne Fauske (t.h.) svara gjerne på spørsmål frå dei frammøtte.

Møteleiar Ragnar Bakken (t.v.) og Ole Øystein Nybø høyrer interessert på synspunkta.


* Laurdag 18.september 2010 var det tillyst bygdevandring i Sjøholt sentrum. Det var litt spanande om folk ville møte opp, for regnet sila jamt ned på føremiddagen. Men etter kvart letta veret, og det vart heile 30 personar som vart med på turen, som gjekk frå Rådhuset til Realskulen (langs Amtskulevegen). Etter vandringa var det lysbildeframsyning i lokala til Vøl'n ungdomsklubb. Der fekk vi sjå glimt av den gamle bebyggelsen som hadde stått langs den ruta vi hadde gått. Det var dekt på småbord og servert kaffi og kjeks, så det vart rett ei triveleg stund.

Ein del av vandrarane har stoppa for å sjå på det gamle Svindseth-huset.


*I år (2010) vart Postvegmarsjen arrangert på Kulturminnedagen den 12.september.

Etter marsjen var det folksamt på Prestevòren

Du finn meir om desse arrangementa her:
Kulturminnedagar
Postvegmarsjen

*Søndag 13.juni 2010 inviterte historielaget til bygdevandring på Langskipsøya, -denne einaste øya i Storfjorden, - og staden som har så mykje historie ved seg heilt i frå vikingetid til notid.
Det var Rolv Amdam som hadde fått oppdraget med å fortelje om dei ulike historiske epokane, og vi fekk glimt både frå Leidangstida då her var hamn for langskipet i Valle skipreide, og frå tømmerhandelen med skottar og hollendarar på 1600-talet. Eigarar og brukarar av jordvegen vart heller ikkje gløymt.
Etter dette tok Gudbjørg Stige oss med tilbake til sin barndom, og ga oss eit bilde av korleis det var å vekse opp med Langskipsøya som nabo og leikeplass, men også ein stad der det var mykje slit med høyberging og sanking av sauer, - og føring av avling og dyr over sundet.
Ho fortalde også om historia til poststaden Langskipsøy, der far hennar var postopnar fram til han fekk stillinga på postkontoret på Sjøholt.

Kjell Stige, son til Gudbjørg, tok så dei som ville med på ein tur vestover gjennom granskogen til Øyatangen, der vi kunne sjå gravrøyser frå førhistorisk tid.

Dagen hadde starta med regnbyger, men veret vart betre etter kvart, og vi kunne nyte medbrakt mat og kaffi i desse idylliske omgjevnadane.

Rolv Amdam var i storslag, og fortalde med innleving om historia til øya.

Gudbjørg Stige er født og oppvaksen på Tyssa, og ho delte med oss av sine barndomsminne
med tilknyting til Langskipsøya.

Eit 50-tals interesserte tilhøyrarar har samla seg kring dei som fortalde.

Ein del av dei frammøtte ville også ta i augnesyn dei førhistoriske minna som finst på øya.
Her er dei ved ei gravrøys. På toppen står guiden vår,Kjell Stige.



*Ørskogdagane 2010 vart arrangerte 29. og 30.mai. Som vanleg var også historielaget med og gjorde sine aktivitetar kjende. På ein stand utanfor Rådhuset var årsskrift lagt ut for sal, og det var høve til å teikne seg som medlem. Leiar Landmark kunne føre 7 nye medlemmer inn i registeret. Salet av årsskrift var også brukbart. Dessutan vart det mang ein hyggeleg prat med folk som hadde interesse for lokalhistorie.
Svein sørga for at lokomobilen vart fyrt opp begge dagane, og mange stoppa opp og beundra klenodiet. Like ved sida av lokomobilen hadde "anleggssmeden" Kåre Gausnes tatt oppstilling og viste sine kunster.

Søndag hadde Sunnmøre Historielag Årsmøte på Samfunnshuset, og etter at det formelle møtet var unnagjort, fekk dei ei orientering om kvernhuset vårt oppe ved Wensellelva. Etter middagen vart så årsmøtelyden med opp til gruvene i Vetafjellet med Ove Eide som guide.

Leiar Einar Landmark i passiar med Rolv Amdam på historielaget sin stand.

Einar Vestre passar på at lokomobilen har nok vatn.

Mange ville sjå på når Kåre Gausnes smidde krokar i anleggsessa.

Interesserte årsmøtedeltakarar frå Sunnmøre Historielag har samla seg
for å bli orienterte om Kvernhuset.





*Søndag 25.oktober 2009 var det Postkort- og frimerkemesse på Ørskog Samfunnshus.
Historielaget hadde sin eigen stand, og presenterte ein del av sine aktivitetar på lerretet.

Her er historielaget sin stand med nokre av medlemmene.

*Sjølv om det har vore dårleg ver i haust, går det sakte men sikkert framover med bygging av vassrenne til kvernhuset.
Vi vonar at vinteren ikkje kjem riktig enno, slik at vi blir ferdig med arbeidet før snøen kjem for alvor.

Leiaren i teknisk utval, Svein Stene, tek ein pause i arbeidet.

*Den 13.september 2009 gjekk Postvegmarsjen i Ørskog av stabelen med ca 100 deltakarar.
Denne dagen vart også Kulturminnedagen markert.

De finn meir om desse arrangementa her:
Kulturminnedagar
Postvegmarsjen


Starten på "Den Trondhjemske Postvei" gjennom Ørskog er på Amdam.


Var det på Ørskogvika slaget mellom Jomsvikingane og Håkon Jarl sto i 986?
Einar Landmark sette fram denne teorien då han inleidde til debatt på Ørskog Samfunnshus tysdag 1.september. Han hadde kalt foredraget sitt "Slaget i Hiorungavaag. Freistnad på klargjering om eit herjetokt, eit slag, to øyar, to fjordar, ein våg og tre steinar".
35 interesserte hadde møtt fram, - mange av dei frå Hareid og Hjørungavågen, men også folk frå Ålesund og Ulsteinvik, i tillegg til historielagsfolk frå Sjøholt.
Som ein skjønar vart det ein frisk debatt med mange sterke meiningar, der kvar heldt på sine favorittstader, mest ut frå kvar dei sjølv var busette. Det vi sakna var kanskje ei open, kritisk vurdering av Landmark sine argument. Men det var i alle fall ein gemyttleg tone, noko som Landmark sin nøkterne og saklege gjennomgang av kjeldene sikkert bidrog til. Han la ikkje opp til sterke konfrontasjonar.
Han vil utdjupe temaet i ein artikkel i neste utgåve av årsskriftet til historielaget, så der har vi noko å sjå fram til!


*Søndag 30.august 2009 var det ny bygdevandring i regi av historielaget. Vi var framleis i Solnørdalen, men no var det Braute og Brautehaugen som sto i sentrum. Veret var regntungt, men likevel var det ca 30 interesserte som hadde møtt fram. Vi starta i salen i grendahuset, og der var det tørt og varmt. Jorunn Solnørdal Myren fortalde om skulen og Braute krins, og hadde eit interessant historisk tilbakeblikk.

Etter dette forflytta forsamlinga seg bort til fossane, og no var det Lars Brautehaug som fortalde om korleis fossen hadde blitt nytta til drivkraft for sagbruk og kvernhus. Vidare gjekk turen opp til Brautehaugen, og vi fekk høyre historia om dette småbruket, som no ikkje lenger er i drift. Men sjølv om ingen bur her, har Lars og Anny Brautehaug sett huset i stand, og vi fekk sjå inn, både i kjellar og hovudetasje.
Kjellaren var ein del omgjort, men oppe var det omlag som då huset var bygt i 1880-åra.
Trass i det dårlege veret var dette ein vel anvendt søndagsettermiddag.


Jorunn fortel om historia til skulen i krinsen.

Borte ved fossen måtte regnjakker og paraplyar fram.


Lars peikar og fortel om sagbruk og kvennhusdrift.


Oppe i tunet på Brautehaugen var det ei stor gran, og under den kunne ein stå tørt
medan ein høyrde Lasse fortelje.


Dei som ville varme seg, kunne gå inn til grua i kjellaren.


Historielagsleiar Einar Landmark (t.h.) i samtale med ein av deltakarane..



*2. Pinsedag (1.juni) 2009 inviterte historielaget til bygdevandring. Denne gongen gjekk turen til garden Akslevollen i Solnørdalen. Garden ligg idyllisk til ved Akslevollvatnet, og den har hatt ei mangslungen historie gjennom århundra. Noko av denne historia fekk dei omlag 50 frammøtte høyre då noverande eigar, Hans Henrik Daae Qvale, fortalde om eigarar og brukarar frå Svartedauen og fram til våre dagar. Han fortalde også om det arbeidet han og kona har lagt ned her for å få garden i den stand den er no. Dei driv med utegangarsauer og høner, og har fått Debio-godkjenning som økologisk gardsbruk.
Hus, vegar og jord er sett i fin stand, noko som må ha kosta mykje av både arbeid og pengar.
Men bak det heile anar vi også slitet det var i gamle dagar, som til dømes for den brukarfamilien som fødde fram 13 ungar på dette vesle avsidesliggande bruket.

Denne fine solskinsdagen kunne vi likevel berre kose oss og nyte medbrakt niste og kaffi på grasvollen rundt husa.


Ein del av vandrarane har samla seg i tunet på Akslevollen.


Her har dei tre historielagsveteranane Hanna Marie og Rolv Amdam og Peter Klokkehaug
benka seg ved steinbordet for å høyre om historia til garden.


Verten, Hans Henrik Daae Qvale, fortalde ei spanande soge om skiftande eigarar og brukarar
på Akslevollen gjennom tidene.


Vi vart også invitert inn i gamlehuset som er fint restaurert, og inneheld mykje gammalt utstyr.






* Desember 2008. Årsskriftet har kome frå trykkeriet, og ein glad gjeng frå skriftnemnda er i full sving med å med å legge hefta i konvoluttar for å få dei ut til medlemmer og andre som skal ha sine eksemplar.


Eit glimt i frå pakkemøtet 2008.Frå venstre : Grethe Leikny Gjerde,Bjørn Steinar Skarbø,
Einar Landmark og Øyvin Danielsen.

* 7.juni 2008 vart det skipa til Ørskogdag igjen.
Historielaget var på plass med lokomobilen som vanleg. Kåre Gausnes representerte dei som har delteke i vinterens smikurs, og han smidde ulike smågjenstandar i feltessa.

Kåre Gausnes var "marknadssmed" på Ørskogdagen 2008.

* Tur til Gausnesgarden. Søndag 25.mai 2008 hadde historielaget alliert seg med eigarane av Gausnesgarden, og invitert til ein tur dit opp for å høyre historia om garden og om korleis det var å vekse opp på ein slik avsidesliggande gard. Heile 70 personar fylgde oppfordringa og møtte opp. Mellom dei var også alle dei 5 syskena som vaks opp her på 1940- og 50-talet. Marion Gausnes og Wencke Aasen hadde bakt sveler og kokt kaffi, og veret var berre heilt på topp, så det vart ein rett triveleg søndagsettermiddag.
Kåre Gausnes fortalde levande om hendingar frå barndomen; - mange av dei fekk låtten fram mellom tilhøyrarane. Eldstebroren Ivar supplerte med historier frå krigens dagar 1940 - 45, og Rolv Amdam mintes sin første tur til Gausneset.

Det var god plass i tunet på garden


Kåre Gausnes fortalte muntre barndomsminne med stor innleving.


Eldstebror Ivar hadde dei minna som gjekk lengst tilbake i tid.


Rolv Amdam mintes første gongen han var på Gausneset.


Her er alle syskena samla saman med ektefellene sine.


* 12.mai 2008 var fire mann frå historielaget opp til gruvene i Liafjellet for å prøve å finne ut meir om det som gjekk føre seg her på 17- og 1800-talet.Det var spesielt den 10m djupe sjakta som fanga interessa denne gongen. Ho er ikkje så lett tilgjengeleg for gransking, så det vart laga taustige til føremålet, og sikringsutstyr vart skaffa til veie. Ove Eide var den bergverkskunnige mellom oss, og det var også han som fekk oppdraget med å undersøke sjakta. Hans teori er at den øvre delen av sjakta skriv seg frå 1700-talet, medan dei nedste vel 4 m er frå 1870-åra.Denne delen av sjakta har mindre diameter enn resten, - ca 2,5m, og det var spesielt denne delen Ove ville granske no. Han fann at sjakta her gjekk gjennom ein bergart som truleg er ein form for gabbro. Ved gransking av prøver som han tok med seg, viste det seg at der var tynne årer med svakt jernhaldig gabbro, men i så små mengder at det ikkje kunne ha vore økonomisk drivverdig.
Når det gjeld den delen av sjakta som han trur er 1700-tals, så går denne ifylgje mange rapportar i malm, men malmåra har sterkt fall innover i fjellet, og det forklarer at ein lenger nede i sjakta er på veg ut av åra.
Så står det att å tolke dei funna som vart gjort. Her er det opning for fleire mulege teoriar, men det lar vi ligge i denne omgangen.

Svein Stene og Terje Misund ved sjaktopninga medan Ove Eide er nede og undersøker sjakta.


Ove på veg opp att etter endt oppdrag.


* 24. og 25.august samt 1.september 2007 vart det arrangert eit innføringskurs i smiing på Prestegarden i smia til historielaget. Det var eit samarbeid mellom Ørskog Historielag og kurshaldar, smed Leslie Bjørkelund. Dette viste seg å vere eit svært populært tiltak. Det var i utgangspunktet 20 personar som melde seg på, og sjølv om 5 av dei måtte melde avbud på grunn av at tidspunktet ikkje passa, var det gledeleg at så mange som 15 kunne gjennomføre kurset, og at alle ytra ynskje om vidare oppfylgjing.

Leslie viser korleis ein skal smi ein " krull" på jarnstonga

Randi Alvestad og Steinar Leganger varmar jarnet i essa






Bilde frå bygginga av kvennhuset vårt finn du på sida Kvernhuset



Bilde frå malmbanevandringavandringa finn du her


(Sjå også sidene Malmbana og Gruvene)








 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org