Framside ]  [ Aktivitetar ] 

Postvegmarsjen

Postvegmarsjen 2011 vart arrangert på Kulturminnedagen den 11.september. Sjølv om det kom ei kraftig regnbyge midt under marsjen, såg det ikkje ut til å stoppe dei ca 100 deltakarane. Ved innkomsten lyste det opp att, og deltakarane kunne få kjøpt pølser og brus, kaffi og kaker, medan dei lytta til vakker musikk av skulekorpset, og såg på dei som prøvde fiskelukka på vika.


Også i år vart både 3-årsmerket og 5-årsmerket delt ut til dei som hadde gjort seg fortent til det.

Her viser vi nokre glimt frå marsjen 2011 :

Ein busslast marsjdeltakarar er på veg ned mot startpunktet i Amdamsfjøra.

Leiar i Ørskog Historielag, Åse Karin Gjære, ser ut til å vere nøgd med oppslutninga om marsjen..

Grinda ved Holebrua får stå open denne dagen.

Sveler og kaker smakar godt etter ein slik marsj.

Etter at verste regnbyga hadde gitt seg, fekk vi eit flott innslag med musikk av Ørskog skulekorps..

Somme prøvde fiskelukka både frå båt og berg..

Kulturminnedagen har si eiga side som du finn under "Aktivitetar", men sidan du er her no, kan du bruke denne snarvegen: Kulturminnedagar


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org