Åvoll - Korsan

På den vesle sletta ved elva som ingen lenger veit namnet på, låg det frå gammalt eit lite avlangt hus i ein og ein halv etasje. Kanskje var dette våningshuset på garden då den unge Laurits Holthe Wensell kom hit frå Bergen i 1819 for å starte som handelsmann. Som vi veit bygde han seg seinare eit større hus, litt lenger vest.

Brua som vi ser til høgre på bildet vart bygd allereie i 1826 i samband med bipostruta til Borgund.

No er vi komne fram mot slutten av 1860-åra. Huset på Åvollen er det same, men har fått dør mot sør. På sørsida av vegen har det kome opp eit nytt hus, og på dette er det under oppføring eit stort tilbygg. Det er Korsanhuset. Vi kjenner ikkje så mykje til eigaren av dette huset. Det skal ha budd ein som vart kalla "Knut-Johan" her (Johan Knutsen?). Elles kjenner vi til ein Bakar Korsan på denne tida, og i gruvene arbeidde det ein Jacob Korsan (son til bakaren?).

Rundt 1874 vart det gamle huset på Åvollen rive og eit nytt reist i sveitserstil. Det var Tore Søholt frå Otta-garden som bygde det. Han var ein av eigarane til handelsfirmaet Th.&P. Søholt.Kona heitte Julie f. Berge, og var frå Trondheim. Tore døydde i 1889, og enka dreiv seinare "privathotel" i huset. No ser vi også korleis tilbygget til Korsanhuset vart.

Seinare kom Larsenhuset mellom dei to bygga, og etter at Korsanhuset vart flytta, vart Bellingen bygt på denne tomta

I dag står det eit murhus på Åvollen. Det var Henrik Maude som bygde dette i 1950-åra, men det er vel no mest kjent som "Vanghuset".




 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org