Fargarhuset

I dette huset oppe ved Fargardalen budde Ingebrigt Garnes (Lid) frå Ulstein og kona Ingeborg f. Grimstad. Ingebrigt var furer og fargar. I 1866 omkom han på sjøen saman med grannen Hans Olsen Lid og Ole Severinsen Solnørdal. Ingebrigt var då 39 år gammal.

I 1868 gifta enka Ingeborg seg på nytt. Mannen heitte Ole Olsen Frisvoll, og var frå Eide i Romsdalen. Han heldt fram med yrket etter forgjengaren sin, og vart heitande "Fargar-Ole". Son til Ingeborg frå fyrste ekteskap, Johan Andreas, dreiv også med farging. Han flytta til Sjøholtstrand, men vart berre 36 år.

Til venstre, borte i sjølve elvedalen, ligg der eit uthus. Om dette er ei løe eller det eit hus som vart nytta i samband med fargarverksemda, veit vi ikkje.


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org