Flindt

I 1855 slutta Lauritz Wensell som handelsmann, og det var fleire som søkte om handelsløyve.Theodor Bang Flindt var mellom dei. Far hans hadde allereie i 1838 kjøpe eit jordstykke på Sjøholt med tanke på ei framtid for sonen her. Mange i kommunestyre var skeptiske til den unge begenseren (27 år). Son til Prost Krabbe, Olaus, var ein annan av søkjarane. Han var 23 år. Det enda med at dei to skulle få drive i lag, og Flindt bygde handelsbud og våningshus på tomta som faren hadde kjøpt.Omlag på denne tida gifta Flindt seg med Tommasine Tommesen, dottera til handelsmannen i Sykkylven. Flindt og Krabbe dreiv i lag til 1864, då dei skilde lag, og Krabbe bygde eige hus og handelsbud. Flindt vart seinare ein kjend mann i styre og stell i bygda. Han slutta som handelsmann i 1877. Huset heilt til høgre tilhøyrer Lånagarden.

Her ser vi husa til Flindt på litt nærare hald. Flindt hadde også fjøs (det vesle huset med gavlen mot oss) der han fôra ei ku. Lenge etter at dette bildet vart teke, kjøpte Arthur Andersen fjøsen og sette han opp som hytte. Våningshuset vart i 1970-åra flytta til Elling-garden på Lande. I bakgrunnen, med røyk frå skorsteinen, ser vi litt av huset til bakar Pedersen.

Her ser vi Flindtbuda frå nordsida, men no har vi kome fram til 1910 - 1912, og bilen har gjort sitt inntog i bygda.

Handelsbuda har fått ny utsjånad - og nytt innhald: "Vøl'n ungdomssenter".


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org