Krabbehuset

I huset ovanfor vegen budde Olaus Krabbe, son til prosten, saman med kona Ingeborg. I 1865 hadde dei tre små born, og i huset budde også to tenestejenter og ein handelsbetjent på 16 år. I 1855 starta Olaus som handelsmann saman med T.B.Flindt i Flindtbuda. Olaus var då 23 år, og for ung til å drive for seg sjølv. Men i 1864 skilde dei lag. Olaus bygde den buda som vi ser nede ved sjøen; - ved amtvòren, og starta handel der.

Dette bildet er teke i 1880-åra. Huset er delvis skjult av store tre.

Her ser vi tydeleg kor lageleg buda til Krabbe låg ved amtsvòren.


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org