Kahrs - Wensell - Minde

Oppe til venstre ser vi huset og løa som Lauritz Wensell junior bygde i 1864. Lauritz dreiv som snikkar og han var brorson til handelsmannen med same namn. Likesom onkelen, hadde han funne seg kone i Trondheim. Ho heitte Mathilde og var født Brekstad. Dei hadde ikkje born. Distriktslege Kahrs leigde hus hos Wensell.

Det nedste huset, rett bak buda til Krabbe, tilhøyrer Petter Thomas Søholt. Han var frå Myrane, og dreiv handel saman med Tore Larsen Søholt.

I 1868 selde Wensell junior det første huset han hadde bygt til Kahrs for 3150 spd. Med på handelen fylgde "ladebygning og fjøsbygning med havnegangsrett og seter". Wensell junior bygde seg no eit mindre hus på nedsida av vegen. Her hadde han også postopneri.(han var tilsett som postopnar frå 1851 til han døydde i 1894).

I 1912 vart "Søholt Minde" (Huset til Petter Thomas som no var eigd at Tore Larsen (Lande) påbygt ark og veranda og utstyrt med detaljar i sveitserstil.

Dei tre husa finst enno, og er mellom dei eldste i Sjøholt sentrum. Her er dei fotograferte i 1993.

- og i fine haustfargar i 2004


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org