Réset

Oppe i himmelranda kan vi skimte omrisset av eit lite tun. Der budde "Bakken på Réset". Han var ein ivrig jeger, og ein gong hadde han hengt opp ein hare i kjellaren, men i vanvare vart han hengt rett over ein full potetsekk. Dermed hadde katten fritt leide til godbiten, og forsynte seg godt. Du kan enno høyre folk herme etter han Bakken: "Ja, at katten åt opp jasen, de' va' no so, men at 'an sku' få séte me' 'an gjor' de', de' va' de' so va' de' forargelige si du sann!"
Mannen med hatt er "Bakken på Réset".

I 1932 kjøpte Sigurd og Nikoline Vang plassen og sette opp nye hus der.


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org