Rønneberghuset

Georg Daniel Barth Rønneberg var frå Valderøya. Kona Anne Gurine kom frå Surnadalen. Rønneberg var lensmann frå 1848 til 1877, og han budde lenge på Blindheim. I 1860-åra flytta han hit til Sjøholt og bygde dette staselege toetasjes huset på bygsla tomt i Wensell-garden.

Dette bildet er teke i 1880-åra. Trea har vakse, men elles er mykje likt. Rønneberg hadde slutta som lensmann i 1877, men som vi ser bur det framleis folk i huset. Nokre år seinare vart huset selt og flytta ut av bygda.

Nede i fjøra ser vi nokre færingar, men der ligg også ein større båt; - kanskje ein åttring.


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org