Framside ] 

Husa på framsida

Sett frå ein litt annan vinkel

Så idyllisk såg det ut på "Vollen" i Sjøholt sentrum rundt 1885 - 90.

Lengst ute til høgre ser vi gamlehotellet. Dette flotte huset i sveitserstil sette Andreas Rasmussen opp i 1885 eller 1886. Rasmussen (frå Giskemo) kom att frå Amerika i 1881 og gifta seg med jordatausa i Lånagarden, Marte Andreasdtr. Sjøholt. Det sto eit toetasjes hus som hadde vore nytta til skysstasjon og herberge på tomta, men Rasmussen ville bygge nytt. Det hotellet som vi ser på bildet brann ned nyårsnatta 1901 i eit forrykande uver.(Det vart funne brente tystykke heilt framme i Bårdsgjerde etterpå). Ikkje lenge etter sto det eit nytt hotell på tomta, og det står der enno.

Til venstre for hotellet ligg huset til Bakar Pedersen. Han heitte eigentleg Martinus Pedersen Strømme, og kom frå Sykkylven. Kona, Olivie Monsdtr. var frå Lindås. Dei leigde fyrst hus i Pe-Larsgarden,før dei i 1870-åra sette opp dette huset i sentrum. Pedersen drukna ut for Gausneset ein dag i 1912 då han var ute med båten sin og sanka rekved.

Framom huset til bakar Pedersen ligg bustdahuset og handelsbuda til Theodor Bang Flindt. Flindt var bergenser, og han tok til med handel her saman med Olaus Krabbe i 1855, og frå 1864 dreiv han åleine. Mellom dei to bygga ser vi fjøsen.(Flindt hadde ei ku). Flindt dreiv handel her til 1877, og på den tid dette bildet er teke, er det truleg Severin Amdam som driv handel i buda.

Til venstre for huset til bakar Pedersen ligg huset til Thore Larsen Søholt, ein av innehavarane av handelsfirmaet Th. & P. Søholt. Huset skal vere bygd av tømmer som vart til overs etter at kyrkja var bygd i 1873. Thore var frå Ottagarden. Han døydde i 1889, og enka Julie dreiv seinare "privathotel" i huset. Huset har også blitt kalla Westvig-huset etter ein familie som budde her. I 1951 vart det kjøpt av Hans og Sverre Sjøholt, og i dag står det ved Idrettsplassen i Skogen.

Framom Westvighuset ligg Larsenhuset. Bakar Larsen heitte eigentleg Ole Martinus Larsen Akslen, men på skiltet hans sto det berre M.Larsen. Han gifta seg i 1885 med Karen Petersdtr. Giskemo frå Hau-Per-plassen. Då dette bildet vart teke, var huset truleg ganske nytt.

Nedanfor Larsenhuset står det eit uthus, og heilt nede i sjøkanten ligg det huset som vart kalla Korsanhuset. Det ser ut til å ha kome opp tidleg på 1870-talet. Kven dette var sitt hus, er vi ikkje så sikre på, men i skyteprotokollen til Ørskog skyttarlag finn vi ein "Bager Korsan" på denne tida. Denne familien skal ha flytta til Tresfjorden rundt 1890, og då Ole Magnussen kom att frå Amerika i 1891, kjøpte han huset, og brukte tømmeret då han bygde nytt hus på garden sin på Sjøholtstranda. Seinare vart "Bellingen" bygt på denne tomta.

Bak Korsanhuset skimtar vi to av handelsbudene til firmaet Th.& P. Søholt. Også den buda som vi ser heilt ute i venstre biletkant, Blåbuda tilhøyrde firmaet.

Bak handelsbudene ser vi Wensellhuset. Her budde Lauritz Holthe Wensell senior. Wensell var stort sett åleine som handelsmann på Sjøholt frå 1820 til 1855. Han var fødd i Bergen i 1798, og då dette bildet vart teke, var han ca 90 år. (Han døydde i 1892).

Til venstre for Wensellhuset, litt oppe i Storebakken, ser vi huset til Lensmann Rønneberg. Rønneberg bygde dette toetasjes huset i slutten av1860-åra. Han slutta i tenesta i 1877. Huset sto nokre år, men så vart det selt ut av bygda.

Heilt nede til venstre, på sørsida av Vaulen, ligg naustet (nothenget) til Tore Mølls notlag. Tore Møll kom hit som smed ved gruvene i Liafjellet. Han gifta seg med Oline Larsdtr. Sjøholt, og dei busette seg på Hjellane, der han dreiv som smed og gardbrukar. Han var ein kjend notbas. Til høgre for dette nothenget ligg det eit naust utan bordkledning, men vi veit ikkje kven dette er sitt.

Oppe ved vegen til Lid ser vi huset til skomakar Johan Løchre. Seinare budde blikkenslager Kristoffer Larsen frå Sparbu her saman med kona Jørgine.

Av husa på bildet er det berre huset til bakar Pedersen som står i dag. Det tilhøyrer no Thor G. Larsen. Sentrumsbildet er totalt forandra, så dei personane som vi har nemnt her, ville nok ikkje kjent seg att i dag.


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org