Framside ]  [ Om laget ] 

LOV FOR ØRSKOG HISTORIELAG

§1

Ørskog Historielag har til føremål å ta vare på kunnskapen om fortida til dei bygdene som ligg i Ørskog kommune, og arbeide for at folk kan få del i denne kunnskapen.
Dette kan gjerast ved:

  • a) å samle inn folkeminne og anna tradisjonstilfang
  • b) å leite fram og systematisere opplysningar i skriftlege kjelder
  • c) å spreie desse opplysningane ved å gje ut bøker og tidsskrift, eller halde kurs og foredrag.


§2

Laget er medlem av Sunnmøre Historielag.


§3

Alle kan bli medlem av historielaget mot å betale den årskontigent som årsmøtet fastset.


§4

Laget skal ha eit styre på 5 medlemer valde av årsmøtet for 2 år om gongen, og 3 varamedlemer valde for l år om gongen. Første året går 2 av medlemene ut etter loddtrekning. Mellom styremedlemene vel årsmøtet formann for l år. Styret vel sjølv nestformann, skrivar og kasserar.
Styret held møte når formannen finn det tenleg, eller når eit anna styremedlem krev det. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer eller varamedlemer er til stades.


§5

Laget skal ha 2 revisorar, og ei valnemnd på 3 medlemer. Årsmøtet vel desse kvart år.


§6

Årsmøtet er laget sitt høgste organ. Det vert halde ein gong om året innan utgangen av mars. Innkallinga skal kunngjerast minst 8 dagar før møtet. Årsmøtet drøftar styret si melding og arbeidsplan komande år. Det handsamar den reviderte rekneskapen og føretek dei lovfesta val.


§7

Det skal førast møtebok både for styremøta og årsmøta.


§8

Denne lova kan endrast av årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei som møter. For at laget skal bli oppløyst, må 2/3 av medlemene røyste for det. Dei midlane som laget rår over, skal då nyttast innafor arbeidsføremålet til laget. Ei nemnd vald av årsmøtet administrerer dette til nytt historielag er skipa.

 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org