Framside ]  [ Andre oppgåver ] 

Fotoregistrering

Historielaget har ei eiga gruppe som arbeider med innsamling og registrering av gamle fotografi. Bilda blir, i samarbeid med FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal, avfotograferte og arkiverte, men eigarane får sjølvsagt behalde sine originalfoto. Vi har førebels registrert vel 650 bilde, men her ligg det eit stort potensiale for vidare arbeid med å dokumentere lokalhistoria gjennom foto.

Resultatet av det arbeidet som er gjort, ligg føre på fotokort som for ein del er samla i permar. Desse er tilgjengelege på Ørskog Folkebibliotek. 531 bilde ligg no ute på verdsveven på FylkesFOTOarkivet sine nettsider. I tillegg arbeider vi med tekst til 130 bilde som vil bli lagt ut på nettet i 2010.

Vi viser elles eit utval av gamle bilde også her på våre sider.


Fotoarkivar Ragnar H. Albertsen i arbeid



Døme på fotokort


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org