Framside ] [ Andre oppgåver ] 
Malmbana ] 

Gruvene i Liafjellet

6.desember 1872 vart det skrive ei kontrakt mellom C.M.Feyer og eigarane og brukarane av Lid. Feyer fekk rettane til malmførekomstane i garden si inn- og utmark mot ei årleg avgift på 110 Spd. Dette skulle gjelde frå den tid "den egentlige Drift med export af Malm fra Indmarken tager sin Begyndelse". Men før den tid skulle det utskipast 800 tonn som ei prøve. Dersom det ikkje vart ordinær drift, skulle denne prøvedrifta betalast med 12 skilling per tonn. Om det vart noko særleg meir enn denne prøvedrifta, er usikkert, for i 1878 vart det slutt. Det har blitt sagt at det skuldast eit uhell med kabelbana, men det er vel heller truleg at det var det høge innhaldet av titan i malmen som var årsaka.Dette gjorde han tung å smelte, så det var vanskeleg å få til økonomisk drift.

Her er nokre bilde frå gruvene i Liafjellet



Bilde nr. 1)
I 1890-åra,då dette bildet vart teke, var jernbaneskinnene fjerna,men gruvene viser godt
i den skoglause fjellsida. Ved opplastingsplassen ser vi to brukar,
og mellom desse må det ha gått ei trebru. Frå denne brua kunne ein laste vognene,
og ein kunne også nytte brua når pukk skulle fraktast til tippen til høgre.

Brukara slik du finn dei i dag, sett mot sjøen.

Snur vi oss 180 grader i høve til førre bilde,
ser vi hjulet til øvste bane som ligg framføre inngangen til den lengste stollen (ca 35 meter).

Opninga til den 10 meter djupe sjakta.
 
Frå eit av dagbrota som vi ser
oppe til venstre på bilde nr.1)

I "Norges land og folk", bind XV, 1911, ved Amund Helland, finn vi denne omtalen:

"I Ørskog har det vært drevet paa titanjernsten ved Søholt og ved Apalset; malmen var tungsmeltelig; der produceredes i 1873 1585 ton malm. Titanjernsten forekommer her sammen med eklogit og hornblendesten. Forekomstrene ligger i Vetafjeldet paa grændsen mellem Ørskog og Skodje.

Strøm mente at ertsen gikk tvers gjennom hele fjeldet, og at den fortsetter et par mil mod vest langs strandsiden, hvor mange steder sees sterk jernrust, især ved gaarden Austrem i Borgund sogn.

Malmen forekommer paa sydsiden af Vetafjeldet eller Liafjeldet op for Søholt i Ørskog, i høide ca 275 m.o.h., ca 0,5 km fra fjorden. I Solnørdalen i Skodje paa nordsiden af det samme fjeld, omkring 1,5 km vestnordvest for Søholtmalmen, og i ret linje 2 - 2,5 km fra havn, er der også jernmalm.
Malmen optræder i smaa felter af gabbro, og gaar omtrent i retning øst - vest. Malmen optræder som en gang i den midtre del af gabbroen. I begge felter er der malm med omkring 50 pct jern og omkring 14 pct titansyre, og dels fattigere malm.

Malmen i Solnørdalen er i dagen til dels forvitret til grus; den holder noget kis, men kun lidet fosforsyre.

Ved Søholt blev der omkring 1870 bygget en bremsebane ned til havnen ved fjorden, og der udførtes nogle skibsladninger. Senere har driften hvilet. Malmgangen var her fulgt i 68 m længde med midlere mægtighed af 8 m, men malmfeltet er længer end 68 m, mindst 110 m, og gangdraget er meget længere.

I Solnørdalen optræder malmen i en meget brat fjeldskraaning, i høide fra ca 325 m til ca 375 m.o.h. Her er det ikke arbeidet. Men malmen kan følges over 300 m. Her er adskillig malm tilstede med gehalt af 50 - 52 pct jern".



 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org