Framside ]  [ Andre oppgåver ] 

Kvernhuset

Eit kvernhus som sto til nedfalls vart i si tid berga av Rolv Amdam, og det var meininga at historielaget skulle setje det opp att ved Ørskogfossen.

Her blir det gamle kvernhuset på Amdam tatt ned.
Foto: Rolv Amdam.



Etter kvart synte det seg at det var i så dårleg forfatning at berre deler av det kunne brukast (Teina, kringen og steinane).

Skisse over kvernhus
(Ivar Eidheim).


Eit nytt hus vart lafta etter måla på det gamle, og det vart bestemt ny plassering ved Wensellelva ovanfor hotellet.
Hausten 2004 kom NVE i gang med sikringsarbeid i elva. I januar 2005 var "vår" parsell ferdig, og vi fekk grave tomt til kvernhuset. No er vi i full gang med å sette opp huset.

Her ser vi litt frå framdrifta av byggearbeidet.


I mange år låg laftetømmeret lagra i Prestegardsløa
I august 2005 sette to mann frå Braute Maskin opp murar

Steinane frå det gamle kvennhuset sto i Storvika, og dei vart no henta
Laftestokkane vart også frakta til tomta ved Wensellelva

28.august starta vi med å sette opp huset.Her er huset halvvegs opplafta
Odd Egil Moen gjorde ferdig gavlveggane og mønsåsen

Døropninga måtte reinskjerast
Siste sperra blir spikra fast

Her er det lagt papp på taket.Seinare er det meininga at det skal bli torvtekt
Så var det å få understeinen på plass på luråsane og kle luren med fjøler

Grunntreet vart gjort ferdig, og styreboltar
nedsett
I løa hos Klara og Ottar Grindvik var kvennkallen så godt som ferdig

Vinteren 2005/2006 vart det ikkje så mykje gjort på huset, men 17.juni 2006 vart kvennakallen montert:

Her er kallpiken plassert
i grunnmusa
Grøttet er lagt i holet i understeinen, og alt ser ut til å stemme perfekt.

Etter at Ottar hadde godkjent det heile, og siglet var lagt på plass,
- kunne oversteinen trillast inn og leggast opp på understeinen


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org