Framside ]  [ Andre oppgåver ] 

Kyrkjeboka

I samarbeid med DIS Norge arbeider historielaget med å legge kyrkjeboka for Ørskog inn i ein database. Etter kvart som arbeidet går framover blir det lagt ut i søkbar form på Internett. Perioden 1817 - 1842 er no ferdig registrert og lagt ut på nettet. Det same gjeld døypte frå 1843 til 1862. Alt dette finn du på Digitalarkivet

Det er ein av våre ivrige medlemmer, Ole Øystein Nybø, som skriv av kyrkjeboka, og tyder dei ulike prestane sine skrifter. Han er også ferdig med å registrere heile KB for Ørskog prestegjeld 1720 til 1742 (Stranda, Stordal, Ørskog og Sykkylven sokn), men her manglar det korrekturlesing før det kan leggast ut på Digitalarkivet.Som vi skjønar er det ein kjempejobb Ole Øystein her har gjort!

Ole Øystein i arbeidskroken sin, i gang med å registrere kyrkjeboka for Ørskog



Henning Junghans Kaurin si handskrift, 1837


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org