Framside ]  [ Restaureringar ] 

Kraftverket

Ørskogfossen kraftverk vart sett i drift 28.oktober 1927, og leverte elektrisk kraft til ein stor del av sentrum av kommunen heilt fram til 1955. I 1960-åra vart det leigd av Møreplast A/S til internt bruk i verksemda.
Men i byrjinga av 1970-åra stansa verket for godt.

I 1995 fekk Ørskog Historielag høve til å restaurere turbinen i verket, og Ørskog Rotary Klubb tok på seg å sette i stand og male huset utvendig.
Det er Ørskog Energi som eig verket no.


Kraftverket etter istandsetting


Det var Hans O. Sjøholt som var drivkrafta i restaureringa av turbinen. Med seg hadde han Tore Tenfjord og Svein Stene


Tore Tenfjord og Hans O. Sjøholt


Nyoppussa generator og turbin


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org