Framside ]  [ Restaureringar ] 

Lokomobilen

I 1990 fekk historielaget ein lokomobil i gåve frå Lidvard Tøsse. Ein lokomobil er ein dampmaskin på hjul. Slike lokomobilar vart mykje nytta i landbruk og industri på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Dei vart brukte til drivkraft for truskemaskinar, sagbruk og liknande. Historielaget sin lokomobil er laga av William Forster & Co – Lincoln, England i 1903, og den vart først innkjøpt av O.A.Devold’s Sønner sin fabrikk i Langevåg. Etter at fabrikken fekk elektrisk kraft i 1914, vart lokomobilen seld til Tøsse tønnefabrikk i Ørskog. Der sto han til fabrikken brann ned i 1919, og då vart han overteken av Lars Tøsses sagbruk. Han gjorde teneste der til sagbruket vart nedlagt i 1940. Etter dette vart lokomobilen ståande i eit skur i sjøkanten fram til 1990 då Ørskog Historielag fekk hand om han, og tok til med restaureringa. Det var Hans O. Sjøholt som sto for arbeidet, og med seg hadde han Bjarne Bårdsgjære, Svein Stene og Tore Tenfjord.


Lokomobilen blir henta frå lagringsplassen
Hans O. Sjøholt og Lidvard Tøsse


I 1991 var restaureringa ferdig etter mange dugnadstimar og ein kjempeinnsats av mekanikarane.


Justering og ettersyn
Etter restaureringa


Lokomobilen blir starta opp 2-3 gonger kvar sommar, og mange interesserte stansar opp for å ta klenodiet i augesyn.


Svein Stene og Hans O. Sjøholt
 
 
 
Eit spleiselag mellom Ørskog kommune,
Ørskog Sparebank og Storfjord rutebilar
resulterte i utstillingslokale for
lokomobilen

Døme på bruk av lokomobil i landbruket på 1800-talet (frå "Opfindelsernes Bog"):


Trusking med lokomobil
Pløging med lokomobil


 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org