Framside ]  [ Restaureringar ] 

Orgelet

I 1997 fekk historielaget eit husorgel (harmonium) i gåve av Lovise Vaksvik. Orgelet er laga i 1913, og har stått i Kristiangarden i Vaksvika.

Vi fekk hjelp av pensjonert orgelbyggar Ludvig Vestre til å sette orgelet i stand. Til å assistere seg hadde han med seg Asgeir Dragesæt og Svein Stene.


Orgelet blir demontert


”Innmaten” er på plass att


I dag er orgelet på plass i stova i Paktarhuset, og blir i særskilte høve traktert av vår eminente husorganist, Asgeir Dragesæt.



 Ansvarleg for nettsidene: Utforming: Øyvind Lillevik Gjære.  Innhald: Tore P. Gjære
 Kontaktadresse historielaget:  post@orskog.historielag.org