Æresmedlemmer – Ørskog Historielag

11:55 pm

For ei tid attende vedtok styret ØH og deretter årsmøtet i mars 2024 å opprette ein æresmedlemspris innan laget. Styret har etter statuttane mynde til å utnemne æresmedlemmer, med markering på påfølgjande årsmøte med overrekking av diplom. Grunnlaget for æresmedlemskap: Personar som på ein framifrå måte har støtta opp om arbeidet i laget over lang tid.

På styremøte 28.11.24 vart to av våre medlemmer utnemnde til æresmedlemmer. Markering av dette vart utført på årsmøtet i laget 4. mars 2025.

Dei to er TORE P. GJÆRE OG OLE ØYSTEIN NYBØ.

Begge stettar til gangs krava i statuttane til å kunne verte æresmedlemmer av ØH. 

Tore P. Gjære var mellom stiftarane av laget attende i 1985. Har er i dag – 40 år etter – ein aktiv medlem av laget vårt. Han var laget sin første leiar og primus motor bak ætteboka for Ørskog som kom ut i 1990. Han har i ei årrekkje etter det vore med i styret for ØH som leiar og styremedlem. Han har skrive ei rekkje artiklar i laget sine årsskrift som har kome ut i 38 av laget sine 40 år. Bok om vegar over Ørskogfjellet er utgjeve av ØH, der Tore stod som fofattar. På kveldseta til laget har Tore vore ein aktiv formidlar av ulike historiske tema heilt sidan laget starta med desse samlingane i 1998. Meir til kunne vi har teke med frå dei mange store og mindre oppgåvene Tore har medverka til gjennom 40 år.

Tore vart heidra med diplom og blomar på laget sitt årsmøte 4. mars. Leiaren i laget Ragnar Bakken stod for utdeling knytta til ei kort oppsummering av Tore sin innsats. Tore takka med gode ord attende til ØH. Diplomen for æresmedlemskap i ØH er laga av Randi Otnes – med Ørskogmotiv som utgangspunkt.

Ole Øystein Nybø har vore ein aktiv og positiv medlem og bidragsytar innan ØH. Han kom med for fullt på 1990-talet og har sidan arbeidd med fleire større og viktige prosjekt for laget vårt. Han har tilbrakt eit utal  timar ved datamaskina med arbeid som i stor grad vil kome ettertida til glede og nytte. Han var i ei årrekkje primus motor med registrering av eldre bilete frå Ørskogbygdene. Fleire tusen bilete har hamna i Fylkesfotoarkivet der Ole Øystein sitt namn er å finne. Eit anna stort og omfattande prosjekt var digitaliseringa av ei rekkje årgangar av kyrkjebøkene for Ørskog. Her må timetalet i møte og ved datamaskina vere mest uteljande. Utan Ole Øystein sitt arbeid i desse to store prosjekta ville notid og framtid vore fattigare! Vi kan også ta med at han har på grundig vis gått gjennom ætteboka for Ørskog med mål om å rette feil og supplere med fleire opplysningar. Dette omfattande arbeidet ligg framleis lagra digitalt hos Ole Øystein.

Ole Øystein kunne ikkje ta del på laget sitt årsmøtet. Han fekk difor heimebesøk kort tid etter årsmøtet. Her vart diplom og blomar utdelte saman med nokre ord om litt av det Ole Øystein har utført for ØH. Kona Borgny var også til stades, og ho har vore ein aktive støttespelar til mannen sitt historiske engasjement.

Ørskog historielag gratulerer dei to med æresmedlemskap i laget vårt

Ragnar Bakken – leiar ØH