Kvernhuset

Eit kvernhus som sto til nedfalls vart i si tid berga av Rolv Amdam, og det var meininga at historielaget skulle setje det opp att ved Ørskogfossen.

Her blir det gamle kvernhuset på Amdam tatt ned.
Foto: Rolv Amdam.

Etter kvart synte det seg at det var i så dårleg forfatning at berre deler av det kunne brukast (Teina, kringen og steinane). 

Skisse over kvernhus (Ivar Eidheim).

Eit nytt hus vart lafta etter måla på det gamle, og det vart bestemt ny plassering ved Wensellelva ovanfor hotellet.
Hausten 2004 kom NVE i gang med sikringsarbeid i elva. I januar 2005 var «vår» parsell ferdig, og vi fekk grave tomt til kvernhuset. Så var vi i full gang med å sette opp huset.

Her ser vi litt frå framdrifta av byggearbeidet.

Vinteren 2005/2006 vart det ikkje så mykje gjort på huset, men 17.juni 2006 vart kvennakallen montert:

Etter kvart vart det bygt vassrenne og sløk, og huset vart gjort ferdig.