Dei ulike husa

 

Oppe til venstre ser vi huset og løa som Lauritz Wensell junior bygde i 1864. Lauritz dreiv som snikkar og han var brorson til handelsmannen med same namn. Likesom onkelen, hadde han funne seg kone i Trondheim. Ho heitte Mathilde og var født Brekstad. Dei hadde ikkje born. Distriktslege Kahrs leigde hus hos Wensell.

Det nedste huset, rett bak sjøbuda, er bustadhuset til Olaus Krabbe. I 1885 selde Krabbe huset til Petter Thomas Søholt. Han var frå Myrane, og dreiv handel saman med Tore Larsen Søholt.

 

I 1912 vart «Søholt Minde» (Huset til Petter Thomas som no var eigd at Tore Larson (Lande) påbygt ark og veranda og utstyrt med detaljar i sveitserstil

 

Huset ovanfor vegen trudde vi lenge tilhøyrde Olaus Krabbe og kona Ingeborg. Men det viser seg at det er huset til venstre som var deira hus. I 1865 hadde Olaus og Ingeborg tre små born, og i huset budde også to tenestejenter og ein handelsbetjent på 16 år. I 1855 starta Olaus som handelsmann saman med T.B.Flindt i Flindtbuda. Olaus var då 23 år, og for ung til å drive for seg sjølv. Men i 1864 skilde dei lag. Olaus bygde den buda som vi ser nede ved sjøen – ved amtvòren, og starta handel der. Kven som åtte det vesle huset ovanfor Postvegen er førebels ukjent.

 

 

Dette bildet er teke i 1880-åra. Huset er delvis skjult av store tre.

 

Her ser vi tydeleg kor lageleg buda til Krabbe låg ved amtsvòren.

 

Georg Daniel Barth Rønneberg var frå Valderøya. Kona Anne Gurine kom frå Surnadalen. Rønneberg var lensmann frå 1848 til 1877, og han budde lenge på Blindheim. I 1860-åra flytta han hit til Sjøholt og bygde dette staselege toetasjes huset på bygsla tomt i Wensell-garden.

 

 

Dette bildet er teke i 1880-åra. Trea har vakse, men elles er mykje likt. Rønneberg hadde slutta som lensmann i 1877, men som vi ser bur det framleis folk i huset. Nokre år seinare vart huset selt og flytta ut av bygda.

Nede i fjøra ser vi nokre færingar, men der ligg også ein større båt; – kanskje ein åttring.

 

I 1868 selde Wensell junior det første huset han hadde bygt til Kahrs for 3150 spd. Med på handelen fylgde «ladebygning og fjøsbygning med havnegangsrett og seter». Wensell junior bygde seg no eit mindre hus på nedsida av vegen. Her hadde han også postopneri.(han var tilsett som postopnar frå 1851 til han døydde i 1894).

 

På den vesle sletta ved elva som ingen lenger veit namnet på, låg det frå gammalt eit lite avlangt hus i ein og ein halv etasje. Kanskje var dette våningshuset på garden då den unge Laurits Holthe Wensell kom hit frå Bergen i 1819 for å starte som handelsmann. Som vi veit bygde han seg seinare eit større hus, litt lenger vest.

Brua som vi ser til høgre på bildet vart bygd allereie i 1826 i samband med bipostruta til Borgund.

 

 

No er vi komne fram mot slutten av 1860-åra. Huset på Åvollen er det same, men har fått dør mot sør. På sørsida av vegen har det kome opp eit nytt hus, og på dette er det under oppføring eit stort tilbygg. Det er Korsanhuset. Vi kjenner ikkje så mykje til eigaren av dette huset. Det skal ha budd ein som vart kalla «Knut-Johan» her (Johan Knutsen?). Elles kjenner vi til ein Bakar Korsan på denne tida, og i gruvene arbeidde det ein Jacob Korsan (son til bakaren?).

 

 

Rundt 1874 vart det gamle huset på Åvollen rive og eit nytt reist i sveitserstil. Det var Tore Søholt frå Otta-garden som bygde det. Han var ein av eigarane til handelsfirmaet Th.&P. Søholt.Kona heitte Julie f. Berge, og var frå Trondheim. Tore døydde i 1889, og enka dreiv seinare «privathotel» i huset. No ser vi også korleis tilbygget til Korsanhuset vart.

Seinare kom Larsenhuset mellom dei to bygga, og etter at Korsanhuset vart flytta, vart Bellingen bygt på denne tomta

 

 

I dag står det eit murhus på Åvollen. Det var Henrik Maude som bygde dette i 1950-åra, men det er vel no mest kjent som «Vanghuset».

 

I 1855 slutta Lauritz Wensell som handelsmann, og det var fleire som søkte om handelsløyve.Theodor Bang Flindt var mellom dei. Mange i kommunestyre var skeptiske til den unge begenseren (27 år). Son til Prost Krabbe, Olaus, var ein annan av søkjarane. Han var 23 år. Det enda med at dei to skulle få drive i lag, og Flindt bygde handelsbud og våningshus på ei tomt som han bygsla av Lauritz Wensell.Omlag på denne tida gifta Flindt seg med Tommasine Tommesen, dottera til handelsmannen i Sykkylven. Flindt og Krabbe dreiv i lag til 1864, då dei skilde lag, og Krabbe bygde eige hus og handelsbud. Flindt vart seinare ein kjend mann i styre og stell i bygda. Han slutta som handelsmann i 1877. Huset heilt til høgre tilhøyrer Lånagarden.

 

 

Her ser vi husa til Flindt på litt nærare hald. Flindt hadde også fjøs (det vesle huset med gavlen mot oss) der han fôra ei ku. Lenge etter at dette bildet vart teke, kjøpte Arthur Andersen fjøsen og sette han opp som hytte. Våningshuset vart i 1981 flytta til Elling-garden på Lande. I bakgrunnen, med røyk frå skorsteinen, ser vi litt av huset til bakar Pedersen.

 

Her ser vi Flindtbuda frå nordsida, men no har vi kome fram til 1910 – 1912, og bilen har gjort sitt inntog i bygda.

 

 

Handelsbuda har fått ny utsjånad – og nytt innhald.

Kva tid denne husmannsplassen vart rydda, veit vi ikkje, men dette bildet er frå 1860-åra.

 

I 1879 fekk Lars Eliassen Sjøholt kjøpe bruket, og i 1880 gifta han seg med Lovise Jensdatter Vestre. Det ser ut til at nytt hus vart bygt i etappar.

 

 

I 1892 var nytt stovehus ferdig.

 

 

Midt på bildet: Høgbakken i 2004.

I 1950 vart huset heilt ombygt, og fekk ei flatark i austenden. Ny løe vart bygt i 1939. Vegen til Lid som før gjekk opp ved Fargarhuset, hadde blitt lagt forbi Høgbakken, og skjer av småbruket i to.

 

I dette huset oppe ved Fargardalen budde Ingebrigt Garnes (Lid) frå Ulstein og kona Ingeborg f. Grimstad. Ingebrigt var furer og fargar. I 1866 omkom han på sjøen saman med grannen Hans Olsen Lid og Ole Severinsen Solnørdal. Ingebrigt var då 39 år gammal.

 

 

I 1868 gifta enka Ingeborg seg på nytt. Mannen heitte Ole Olsen Frisvoll, og var frå Eide i Romsdalen. Han heldt fram med yrket etter forgjengaren sin, og vart heitande «Fargar-Ole». Son til Ingeborg frå fyrste ekteskap, Johan Andreas, dreiv også med farging. Han flytta til Sjøholtstrand, men vart berre 36 år.

 

Til venstre, borte i sjølve elvedalen, ligg der eit uthus. Om dette er ei løe eller det eit hus som vart nytta i samband med fargarverksemda, veit vi ikkje.

I 1860-åra vart det bygt eit hus tett ved vegen omlag i bytegarden mellom Lid og Sjøholt.
 
Her er huset ferdig. Det var Johan Rye og kona Annike som bygde, og bakken forbi huset vert kalla Ryebakken den dag i dag.

 

Huset låg rett ned for Jørnbakken, men så vidt innanfor Wensellgarden sine grenser.

Det knyter seg ei spesiell historie til Johan Rye. Han var fødd i Bergen i 1800. Faren var «høker og krovert» Martinus Rye, men han vart tidleg sinnsjuk og hamna i «Dårekisten».14 år gamal kom Johan i gullsmedlære hos Jens Greve, der han seinare fekk sveinebrev. Han arbeidde så for gullsmed Hagelien i 7 år før han i 1827 reiste til Sunnmøre. Her var han fyrst i Volda,- så drog han vidare til Sykkylven og Stranda før han i 1829 kom til Ørskog. Her oppheldt han seg fyrst i Vaksvika, og så tok han inn hos husmannen på Haukåsen, Nils Knutsen. Heile tida dreiv han med gullsmedarbeid, og hadde oppdrag for minst 15 ørskogbygdarar.

Rye var nok klar over at han braut tre av den tids strenge lover: Han var lausgjengar (hadde ikkje fast arbeid), han var omstreifar (utan fast bustad) og han arbeidde som gullsmed utanfor byen. Men førebels var det ingen som hadd gjort noko med det. Men så vart han glad i dottera til husverten sin, Annike, og då det kom ut at ho var med barn, troppa stotarkongen Sjur Sjøholtstrand opp for å ta seg av framandkaren.

 

Her er eit litt seinare bilde av huset.

Saka mot Rye kom opp 24.august 1831, og han vart dømt til tukthus i 2 1/2 år. Han fekk reiskapane sine inndregne, og måtte betale 3 spd og 24 skilling til Bergen gullsmedlaug. Så gjekk turen til Bergen og tukthuset der. Men i 1833 kom han attende til Ørskog og gifta seg med Annike. Han fekk ikkje drive som gullsmed, men måtte livnære seg som skomakar. Det var nok eit tap for bygda, for han var kjend for å gjere fint arbeid; – spesielt var han flink til å lage tomlingar.
Då Sjur Sjøholtstrand slutta som stotarkonge, fekk Rye ta over dette ombodet, og for ein tidlegare tukthusfange betydde dette ei sosial godkjenning.

(kjelde: «Gullsmeden i gamle dagar – verk og virke på Sunnmøre i laugstida» av Bjørn Jonson Dale.)



Johan Rye døydde i 1880, men sonen Karl Johan gjekk i faren sine fotefar som skomakar. Han levde til 1915.

Huset sto til ut på 1950-talet då Knut Egge kjøpte det og sette det opp som hytte ved Mevatnet der det enno står.

 

I 1860-åra var her ein husmannsplass under Per-garden på Lid. Her var eit lite hus med stabbur og løe. Kva husmannen heitte, veit vi ikkje.

Midt i bytet mellom Lid og Sjøholt ligg Ryehuset

 

 

I 1884 vart plassen selt til ein av sønene i Per-garden, Jørgen Pedersen Lid, og etter han fekk bruket namnet Jørnbakken. No vart det bygt nytt stovehus, og stabburet blir borte. Men løa er den same.

 

Midt på bildet ser vi Jørnbakken fotografert i 2004.
 

Dette er huset til skomakar Johan Andreas Løchre frå Stordalen. Ved folketellinga 1865 står det at han var 50 år og fråskild. I 1891 er han nemnd som enkjemann.

 

 

Seinare overtok blikkenslager Kristoffer Larsen frå Sparbu huset. Han vart gift med Jørgine Iversdtr. Hjelle frå Vaksvika.

 

Vest for Kahrshuset låg Gulelåna. Det var Peter Joakimsen Sjøholtstrand (Jokum-Petter) som sette opp dette huset. Han skal ha kjøpt det på Vestnes og flytta det hit.

 

 

Petter var stasjonshaldar og dreiv med skyssing av turistar. Han var gift med Pernille Benjaminsdtr. Hellebostad. Ho døydde i 1897, og Petter gifta seg igjen med Marta Langsten. Ho var den siste som budde i huset, og då det brann ned i 1939, bygde ho nytt hus på Sjøholtreitane.

 

Dette bildet av Glomsetgarden i 1880-åra viser at Petter heldt på sette opp eit tredje hus på bruket. (Gulelåna oppe til høgre)

Jokum-Petter bygsla Glomset-garden, men i tillegg hadde han i 1871 kjøpt bruksnr.1 på Sjøholtstranda for 1011 spd. I 1899 skøytte han dette bruket over på sonen Joakim, og etter det vart det kalla Joakim-garden.

 

 

Glomsetgarden samt Kahrs,Wensell jun. og Minde,sett frå sjøen.

 

 

Der tunet i Glomsetgarden ein gong låg er det i dag einebustader.
 

Dette er ein husmannsplass under garden Lid. Kven som budde her veit vi ikkje. Huset kom bort i 1870-åra, og plassen gjekk truleg inn att i hovudbruket då.

 

Før utskiftninga på Lid var Pergarden det vestlegaste tunet. så kom Jensgarden, trekt litt lenger opp mot fjellet. Deretter Larsgarden, og lengst mot aust Olegarden. Ved utskiftninga vart tunet i Jensgarden flytta utom Pergarden, medan dei andre bruka vart liggande som før.

 

Her ser vi Pergarden frå ein annan vinkel.

 

 

Lid fotografert hausten 2004.
Oppe i himmelranda kan vi skimte omrisset av eit lite tun. Der budde «Bakken på Réset». Han var ein ivrig jeger, og ein gong hadde han hengt opp ein hare i kjellaren, men i vanvare vart han hengt rett over ein full potetsekk. Dermed hadde katten fritt leide til godbiten, og forsynte seg godt. Du kan enno høyre folk herme etter han Bakken: «Ja, at katten åt opp jasen, de’ va’ no so, men at ‘an sku’ få séte me’ ‘an gjor’ de’, de’ va’ de’ so va’ de’ forargelige si du sann!»
 

I 1932 kjøpte Sigurd og Nikoline Vang plassen og sette opp nye hus der.

Mannen med hatt er «Bakken på Réset».
 

Då dokter Kahrs kjøpte huset til Lauritz Wensell junior, fylgde det også med ei «ladebygning». Vi ser ho bak og litt til høgre for bustadhuset til Kahrs.

Sett frå aust

Litt til venstre for midten på dette bildet, ser vi løa til Kahrs.

 

På dette bildet frå ca 1870 ser vi løa i Wensell-garden heilt ute i høgre bildekant. Ho var omgitt av store tre, så ho viser knapt på noko bilde av Sjøholt. Dersom det finst bilde av ho i privateige, legg vi dei gjerne ut her.

 

Oppe i lia, vest for Ådalen, låg det eit lite plassebruk som vart kalla Honnelbakken (Hønnjelbakkjinj)

 

Dei siste som budde her, var Severin Olsen Skaue (1822 – 1906) og kona Anne Sofie f.Brautehaug (1834 – 1909)