Vognhuset/smia

I tillegg til Paktarhuset, overtok historielaget også det gamle vognhuset på Ørskog Prestegard. Her trongst det vøling – mellom anna nytt tak. Dessutan vart det innreidd ei smie i huset.

I 1995 skipa laget dugnad på Vognhuset. Mellom anna måtte taket skiftast. På tilhengaren står laget sin dåverande leiar, Asgeir Dragesæt
I 2022 måtte huset igjen restaurerast – no med skifertak. Per Kjell Holtleite stod for arbeidet
Smeden Leslie Bjørkelund har halde tre smikurs i smia. Her eit bilete frå kurset i februar 2023
Hans O. Sjøholt prøver avlen i nysmia