Gruvene/malmbana

Malmbana

I 1870-åra var det ei prøvedrift etter jernmalm i Liafjellet. Det engelske selskapet som sto føre dette, hadde nok voner om større drift, for dei bygde to kabelbaner opp til gruveinnslaga. Banene var laga slik at tyngda av den fulle vogna drog den tomme opp att.Nedste delen av banene hadde berre eitt spor, men frå midten og opp til opplastingsområdet var det to spor. Den øvste bana var bygd i forlenging av den nedste. Grunnen til at det var to baner, var at på eit visst punkt vinkla traseen ganske mykje, samtidig som det vart større stigning. I dette møtepunktet mellom banene er det laga til ein «stasjon» for omlasting. Banene er borte, men ein del av traseen er synleg, samt murane etter eit krutlager. Begge kabelhjula og fundamenta er også delvis intakte. Historielaget har rydda banetraseen for skog, så no kan han fint nyttast til turveg, og det lettar tilkomsten til gruvene. Det er også laga ei trapp frå vegen og opp mot steingarden der restane av bana blir synleg. Vidare har vi planar om skilting av dette kulturminnet.

Gruvene i Liafjellet

6.desember 1872 vart det skrive ei kontrakt mellom C.M.Feyer og eigarane og brukarane av Lid. Feyer fekk rettane til malmførekomstane i garden si inn- og utmark mot ei årleg avgift på 110 Spd. Dette skulle gjelde frå den tid «den egentlige Drift med export af Malm fra Indmarken tager sin Begyndelse». Men før den tid skulle det utskipast 800 tonn som ei prøve. Dersom det ikkje vart ordinær drift, skulle denne prøvedrifta betalast med 12 skilling per tonn. Om det vart noko særleg meir enn denne prøvedrifta, er usikkert, for i 1875 vart det slutt. Det har blitt sagt at det skuldast eit uhell med kabelbana, men det er vel heller truleg at det var det høge innhaldet av titan i malmen som var årsaka. Dette gjorde han tung å smelte, så det var vanskeleg å få til økonomisk drift.