Paktarhuset

I 1995 fekk Historielaget overta Paktarhuset på Ørskog prestegard frå kommunen for ein symbolsk sum. Huset er freda, men ein god del modernisert.

For tida brukar vi huset til arkiv og museum. Eit slikt freda hus treng mykje og godt vedlikehald, og i 2022 og -23 har mykje arbeid vore gjort. Per Kjell Holtleite tok på seg sjølve restaureringa, medan målarmeister Ramsvik stod for målararbeidet. Paktarhusnemnda gjorde mykje av skrapearbeidet, m.a. ved hjelp av såkalla Speedheater varmebehandlings-apparat. Mest mogleg av den gamle oljemålinga måtte fjernast, før måling med linoljemåling. Vi reknar med at arbeidet blir sluttført i 2024.

Holtleite i arbeid på vestsida av huset i 2022
Nordveggen blir måla, 2022
Ramsvik i gang med måling av vestveggen i 2022