Kulturminnedagar

Åra 2004 til 2011 hadde historielaget tilstellingar og utstillingar i samband med dei årlege nasjonale kulturminnedagene. Vi har også delteke på dei årlege Ørskogdagane, mellom anna med oppstart av historielaget sin lokomobil.
 

Her ser vi nokre bilde frå dagen:

Det var høg flo då Postvegmarsjen starta. Postvòren på Amdam var nesten overflødd. Då han vart bygd i 1831, sto han nok fram i ein betre skikkelse, og sikra ei trygg ilandstiging for postkarlen.
Postvegen sjølv er eit spor i landskapet.
Her er nokre marsjdeltakarar på veg opp den bratte kneika frå Amdasfjøra.

Fleire bilde frå kulturminnedagar:

Tema for kulturminnedagen dei siste åra har vore:

2011 Skjulte skattar. Spor i landskapet.
2010 Nytt liv i gamle minne.
2009 Vatn – «Dagleglivets kulturminne»
2008 Mangfaldig fritid.
2007 «Til glede og bry» Forsamlingshus,
ungdomshus og bedehus.
2006 Stader for innkomst og avreise
2005 Frå slegge til mus – forandringens hundreår 1905 – 2005
2004 Frå fiskehjell og stabbur til dekt bord
2003 Vår medisinske kulturarv
2002 Da klokka klang; – skulen –
bygningen – kunnskapen
2001 Tradisjonar i tre
2000 Kommunikasjon
1999 Arven frå Europa
1998 Gamle handverk i ny tid
1997 Kulturminneåret

Restaureringar har ei eiga side som du finn under «Aktivitetar», men sidan du er her no, kan du ta snarvegen over denne lenka: Restaureringar