Om Oss

Vi er eit historielag for bygdene i "gamle Ørskog kommune". Laget vart stifta i 1985, og vi har no 340 medlemmer. Vi gir kvart år ut ei årbok, og den siste var nummer 33 i rekka. Vi har eit lagshus (Paktarhuset), ei smie og eit kvernhus som vi brukar, og som vi held ved like. Elles har vi i vårt eige ein del gjenstandar - den vi er mest stolt av, er ein lokomobil frå 1903 som vi har restaurert.

Kva ynskjer vi:

Vi vil styrke bygdefolket si interesse for eiga fortid, og dele med dei det som vi har funne i skriftlege kjelder og materielle og immaterielle kulturminne

Vår måte å arbeide på:

Vi har mange aktive medlemmer som arbeider i ulike nemnder – Skriftnemnd, Paktarhusnemnd, Teknisk utval, fotoregistreringsnemnd og Postvegnemnd

Vi tek vare på kunnskapen om fortida.

Lokomobilen frå sagbruket på Tyssa