I åra 2005 til 2011 arrangerte historielaget årvisse postvegmarsjar. Dei gjekk langs Den Trondhjemske postvei frå Amdamsfjøra, over Kleiva og til Prestefjøra. No når sikker kryssing av E39 i Landedalen har kome i stand, er det mogleg at tradisjonen blir teken opp att, med forlenging til grensa mot Vestnes.