Lokomobilen

I 1990 fekk historielaget ein lokomobil i gåve frå Lidvard Tøsse. Ein lokomobil er ein dampmaskin på hjul. Slike lokomobilar vart mykje nytta i landbruk og industri på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Dei vart brukte til drivkraft for truskemaskinar, sagbruk og liknande. Historielaget sin lokomobil er laga av William Forster & Co – Lincoln, England i 1903, og den vart først innkjøpt av O.A.Devold’s Sønner sin fabrikk i Langevåg. Etter at fabrikken fekk elektrisk kraft i 1914, vart lokomobilen seld til Tøsse tønnefabrikk i Ørskog. Der sto han til fabrikken brann ned i 1919, og då vart han overteken av Lars Tøsses sagbruk. Han gjorde teneste der til sagbruket vart nedlagt i 1940. Etter dette vart lokomobilen ståande i eit skur i sjøkanten fram til 1990 då Ørskog Historielag fekk hand om han, og tok til med restaureringa. Det var Hans O. Sjøholt som sto for arbeidet, og med seg hadde han Bjarne Bårdsgjære, Svein Stene og Tore Tenfjord.

Lokomobilen blir henta frå lagringsplassen
Hans O. Sjøholt og Lidvard Tøsse
Justering og ettersyn
Etter restaureringa
Svein Stene og Hans O. Sjøholt
Tord Tøsse prøver fløyta
Lokomobilen på ei utstilling i Bergen. Dei som var med på turen var Hans O. Sjøholt (Oskar-Hans), Svein Stene og Tore Tenfjord.
Lokomobilen på Prestegarden. Svein Stene i svinghjulet
Oskar-Hans sjekkar at alt er i orden.
Døme på bruk av lokomobil i landbruket på 1800-talet (frå «Opfindelsernes Bog»):
Trusking med lokomobil
Pløging med lokomobil