
Vi er komne til tysdag 4. mars og tid for årsmøte i Ørskog historielag.
Frivillegsentralen er møtestaden no i kveld. Dette vil vere ei samling med litt av kvart: Årsmøte og markering av at laget vårt i år rundar 40 år. Dette siste skal vi markere. Alle er velkomne – og vi ønskjer våre medlemmer frå 40 år attende særleg velkomne. Årsmøtet vil bere preg av at laget enno ein gong kan sjå tilbake på eit aktivt og innhaldsrikt år. Vi har mange medlemmer og sympatisørar – og ei rekkje tillitsvalde. Desse vert også spesielt bedne om å møte fram. Utan å røpe kva vi skal avsløre at denne kvelden, vil vi markere ei spesiell sak i laget si historie! Det vert også høve til å nyte ein godbit attåt kaffien. Årsmøtet er elles invitert til å stake ut kursen vidare framover. Vi vil vere i startgropa for dei neste tiåra i laget si soge.
Mi oppmoding er difor: Ta deg tid og ver med oss på årsmøtet i kveld. Det vil glede oss i historielaget.
Sjå elles annonse.
ØH v/leiar Ragnar Bakken