Besøk/Kveldsete på bedrifta Filtra

12:35 am

Vi slår opp på internett og finn folgjande omtale av FILTRA:

Lang erfaring med produkt og løysningar innan rensing av luft, vatn og væske

Filtra vart etablert i 2006 og vi har lang erfaring med behandling av luft, vatn og væske. Med fokus på kunnskap og framtid leverer vi produkt og løysningar for rein luft og reint vatn. I felleskap med våre leverandørar leverer vi kompetanse og fagleg profesjon. Gjennom innovative løysninger og tett kontakt med kundar og leverandørar, er vi opptekne av å levere tenester og produkt av god kvalitet og som har fokus på bærekraft.

Grunnleggjar Osvald Ringstad svarte ja med ein gong vi spurde om å få til eit kveldsetopplegg hos firmaet på Håhjem. Vi oppsummerer: Dagen er tysdag 11. november (sjå annonse). Staden er fabrikkanlegget på Håheim. Vi prøver oss med litt samkøyring dit – med eit felles opplegg med start ved Ørskog kulturhus på Sjøholt. Vi ønskjer folk frå heile distriktet velkomne til FILTRA på Håheim.

Meir om innhaldet denne kveldstunda får du ved å møte opp tysdag 11. november klokka 18:00.

Ragnar Bakken leiar Ørskog historielag