Gruvene/malmbana

Malmbana

I 1870-åra var det ei prøvedrift etter jernmalm i Liafjellet. Det engelske selskapet som sto føre dette, hadde nok voner om større drift, for dei bygde to kabelbaner opp til gruveinnslaga. Banene var laga slik at tyngda av den fulle vogna drog den tomme opp att.Nedste delen av banene hadde berre eitt spor, men frå midten og opp til opplastingsområdet var det to spor. Den øvste bana var bygd i forlenging av den nedste. Grunnen til at det var to baner, var at på eit visst punkt vinkla traseen ganske mykje, samtidig som det vart større stigning. I dette møtepunktet mellom banene er det laga til ein «stasjon» for omlasting. Banene er borte, men ein del av traseen er synleg, samt murane etter eit krutlager. Begge kabelhjula og fundamenta er også delvis intakte. Historielaget har rydda banetraseen frå der Kruthusvegen endar i Malmbanevegen og opp til omlastings-stasjonen, så no kan han fint nyttast til turveg, og det lettar tilkomsten til gruvene. Det er også laga ei trapp frå vegen og opp mot steingarden der restane av bana blir synleg. Det er elles sett opp informasjonsplakatar ved omlastingsstasjonen og den lange transportstollen, men ikkje ved banetraseen.

Gruvene i Liafjellet

6.desember 1872 vart det skrive ei kontrakt mellom C.M.Feyer og eigarane og brukarane av Lid. Feyer fekk rettane til malmførekomstane i garden si inn- og utmark mot ei årleg avgift på 110 Spd. Dette skulle gjelde frå den tid «den egentlige Drift med export af Malm fra Indmarken tager sin Begyndelse». Men før den tid skulle det utskipast 800 tonn som ei prøve. Dersom det ikkje vart ordinær drift, skulle denne prøvedrifta betalast med 12 skilling per tonn. Om det vart noko særleg meir enn denne prøvedrifta, er usikkert, for i 1875 vart det slutt. Det har blitt sagt at det skuldast eit uhell med kabelbana, men det er vel heller truleg at det var det høge innhaldet av titan i malmen som var årsaka. Dette gjorde han tung å smelte, så det var vanskeleg å få til økonomisk drift.

På dei stadane der det er malmgruver, vart det også brote malm tidleg på 1770-talet, men den gongen vart malmen styrta ned fjellsida. Dei to nedste gruvegangane er ikkje malmgruver, men transportstollar frå 1874.

Malmgruvene ligg ikkje langt unna, men litt høgare. Det finst også ei gruve på nordsida av fjellet, i utmarka til Solnør. Den gruva vart hovudsakleg utbrota på 1780-talet.

Sikring av gruvesjakta

Bakgrunnen for dette tiltaket, var den faren som den opne, vertikale gruvesjakta frå 1874 ved Li utgjorde for dei som ville ta turen opp dit. Medlemmar frå historielaget tok initiativet til sikringa, planla arbeidet, tok kontakt med direktoratet for mineralforvaltning og gjorde ein del grunnarbeid i 2011 og -12, før entreprøneren, Jan-Co Mek AS, kunne installere stålgjerdet, samt ei ståltrapp. Til dette vart det og leigd helikopter. Ørskog Bluesclub gjorde mykje skogrydding, noko som var ein føresetnad for å nytte helikopter. Klubben avvikla nemleg ein gratiskonsert ved gruvene kort tid etter og rundt 500 personar tok turen opp dit. Det var tilfeldig at desse to tiltaka hende om lag samstundes. Direktoratet tok rekninga for Jan-Co Mek sitt arbeid og Nord Helikopter sin transport. Det er elles skrive om gruvedrifta i årbok 2009, og om sikringsarbeidet i årbok 2013.