Godt frammøte på åpninga av Ørskog Historiehjørne

8:02 pm

Tirsdag 10. november var det offisiell åpning av det nye lagsrommet til Ørskog historielag, som ligg i tilknyting til Frivilligsentralen i Tenestehuset.

Disposisjon av dette rommet er ei generøs gåve frå Ørskog Sparebank, og blir ei utstilling av gamle bilete og gjenstander i tillegg til møterom for aktivitetane til historielaget.

Ørskog Bygdekvinnelag ordna med kake og kaffi, og ØSS’n stilte opp med feiande musikk medan banksjef Eirik Kavli klipte snora inn til Historiehjørnet.

Leiar Ragnar Bakken ga eit attersyn over aktivitetane til historielaget sidan oppstarten i 1985.

Det virka som dei meir enn 70 deltakarane sette pris på seremonien, og praten gjekk livleg rundt alle bileta som var utstilt.