Sist tysdag 19. november var om lag 20 personar samla til kveldsete i festsalen på Sjøholt folkehøgskole. Vi tek først med litt om dette rommet på skulen. Då skulen vart renovert etter tyskerokupasjonen i 1946 engasjerte eigarane Sunnmøre Frilynde ungdomslag kunstmålaren Jonas Peson til å dekorere store deler av veggane i festsalen. Ragnar Bakken ga forsamlinga ein del fakta om denne kunstnaren som kom frå Finland på 20-talet og budde i Ålesund fram til han døde i 1952. Han har dekorert ei rekkje forsamlingshus og kyrkjer særleg rundt på Sunnmøre i tillegg til ei mengd bilete. Historielaget er glad for at måleria på skulen er godt tekne vare på av dei nye eigarane.
Jon Slyngstad hadde med seg ein serie (over 100) med bilete frå dei tre synste Nordøyane: Lepsøya, Haramsøya og Skuløya/Flemsøya. Jon knytta ei rekkje opplysningar og hendingar til dei mange vakre fotografiane. Det starta med den nye Lepsøybrua over til Lepsøya der vi vitja m.a. Hellevika, Trollhagen, Kulturløypa, Sjøhellarane, Rønstadgardane og Lauka.
Så var det Haramsøya vi kom til med m.a. Austnes, Vestre orgelfabrikk, bedehuset på Åkre, Ulla fyr, verveggar, Haramsfjellet med 8 vindmøller og Ulla fyr frå 1874.
Turen enda over brua til Skuløya. Vi fekk med oss m.a. fyret på Ullasundet, Flem, Støene med hellar, restane av Uri møbelfabrikk frå 1942, historia om Shetlands-Larsen som hamna på øya i mars 1943, Skulebuda om brann for kort tid sidan, Nogva med Olaus Fjørtoft og Rogneholmen.
Ein minnerik tur til dei tre øyane formidla av ein svært dyktig fotograf og forteljar. Tusen takk for reisa du tok oss med på. Vi vil også rette stor takk til Wenche G. Aasen på Folkehøgskolen for servering av heimelaga kake og kaffi – det smakte godt. Takk også til skulen for at vi slapp til i den flotte festsalen. Vi møtest att til kveldsete i desember. Følg med i avisa!!
Ragnar Bakken – leiar ØH –