Jostein Tomren ser attende på vintrane i sin barndom

10:56 pm

Jostein Tomren er flink til å formidle frå dei tema han tek på. Ørskog historielag har den glede å invitere til kveldsete på Frivillegsentralen tysdag 17. februar (sjå annonse).

Dette er ØH sitt første kveldsete i 2026. Planen å å følgje opp med ulike arrangemnet utover også i året 2026.      

Jostein har funne ein høveleg tittel på kåseriet sitt tysdag : «Då vinteren kom til Sjøholt i min barndom.» Eg skal ikkje utbrodere korleis vintrane var her på Sjøholt for 60-70 år sidan. Vi får leve i spenning og vente på korleis Jostein vil gje oss desse gimta.

Vi har noko å glede oss til. Kveldseta våre er opne for alle – medlemmer, ikkje-medlemmer og dei frå våre nabobygder som kan tenkje seg å ta turen hit til oss. Samlinga er gratis og det vil vanke nytrekt kaffi med noko godt til.

I same rennet kan vi gjere kjent at kveldseta vil dukke opp dei fleste månadene framover i året. Følg med i annonsering av tidspunkta.

Til orientering kan vi opplyse at i mars skal ØH halde sitt årsmøte – vi set av 10. mars. Vi kjem nærare åttende til denne samlinga

Ragnar Bakken