Kveldsete 13. februar

Vi inviterer til samling

TYSDAG 13. FEBRUAR KL 19.30

Stad: FJELLSTOVA ØRSKOGFJELLET

Tema: FJELLSTOVA i går og i dag

Kveldsete på Fjellstova

Tysdag 13. februar inviterer vi til kveldsete på Fjellstova på Ørskogfjellet. Vertskapet Harry og Hilde ønskjer oss hjarteleg velkomne. Vi får glimt frå oppstarten til denne velkjende utfartstaden – både sommar- og vinterstid. Vertskapet dei 15 siste åra har vore Harry og Hilde (eg nyttar berre fornamn). Dei kom frå Nederland og har utvikla Fjellstova etter dei tok over etter familien Bårdsgjerde. Vi gler oss til å få høyre Harry og kanskje Hilde fortelje om Fjellstova dei åra som no ligg bak. Vi inviterer alle til samling på fjellet denne kvelden. Vi viser elles til annonse om nærare tidspunkt. Skulle nokon trenge skyss til og frå, kontakt underteikna på telefon (90205435) – eller avtal med nokon som har plass i bilen. Vertskapet denne kvelden vil elles syte for noko lite å bite i til kaffien. Har du ei god historie eller anna å bidra med på samlinga — fritt fram!

Vel møtt på Fjellstova tysdag 13. februar.

Ragnar Bakken – leiar ØH