Kveldsete 18. februar

7:14 pm

KVELDSETE MED OPNING AV OLAV OKSVIK MINNESAMLING.

For om lag 15 år sidan fekk vi i Ørskog tilbod om å ta mot ei samling fysiske minne etter politikaren og fylkesmannen Olav Oksvik.  Oksvik voks opp på Abelset i Ørskog etter å ha flytta frå Stranda som sjuåring i 1894.

Ørskog historielag gjekk så saman med Ørskog kommune og fekk danna ei stifting med eit eige styre. I vedtektene finn vi tre hovudmål stiftinga skal arbeide med:

  • Ein årleg konferanse _ med demokrati i høgsetet.
  • Å få reist ei byste av Olav sentralt i Ørskog.
  • Å få etablert ei minnesamling plassert i Ørskog.

Konferanse har vi arrangert mest kvart år sidan 2013. Bysta vonar vi kjem på plass i 2025! Og endeleg – etter å ha arbeidd med plassering av minnesamling gjennom fleire år, er vi i mål. Samlinga er langt på veg plassert i lokala til Frivillegsentralen på Sjøholt. Takk til Ålesund kommune. Takk også til Ørskog sparebank for økonomisk hjelp.

Tysdag 18. februar har styret i stiftinga saman med Ørskog historielag gleda av å kunne invitere til opning av minnesamlinga. Vi kombinerer opninga med historielaget si kveldsete i februar. Alle er hjarteleg velkomne saman med nokre spesielt innbodne. Einar Landmark vi gje oss eit attersyn om det som har hendt i saka heilt frå starten. Stiftinga har hatt tre lokale personar til å  planleggje og få etablert utstillinga: Einar Landmark, Kari Aaberg og Aud Kongsnes.   Representant for Oksvik sine etterkomarar – Liv Bachmann som i dag bur i husværet til Oksvik på Molde, er sjølvsagt invitert og  vil kome. Elles vil vi truleg treffe fleire aktørar som vi ser fram til å møte. Kvelden vil verte ispedd god servering, god prat og god informasjon om utstillinga. Vi er også opptekne av at denne samlinga kan verte eit bidrag til å gjere Olav Oksvik meir kjend mellom oss – ikkje minst at dei yngre kan få vite meir om ein av dei største norske politikarane  i førre århundre. La samlinga verte eit trekkplaster for alle som vil verte betre kjend med politikaren og Ørskogmannen Olav Oksvik.

Vel møtt til kveldsete/opning av Olav Oksvik minnesamling tysdag 18. februar på Frivillegsentralen på Sjøholt.

Ragnar Bakken – leiar ØH –