Vi er komne fram til Historielaget si siste kveldsete dette året. Vi inviterer til kveldssamling på Kulturhuset på Sjøholt tysdag 16. desember (kl 19:00, Ørskog kulturhus). Her vil årboka for 2025 verte presentert av skriftnemnda med Bjørn Steinar Skarbø som leiar. Årets bok er nummer 35 i laget si historie. Første utgåve kom i 1987 to år etter at laget vart skipa i 1985. Historielaget er stor takk skuldig dei mange skribentane vi har hatt alle desse åra. Slik også for årgang 2025. Takk for innsats til skriftnemnd og skribentar. Vi vil møte nokre av desse på kveldseta denne desemberkvelden. Innhaldet skal eg ikkje røpe her, kom til kulturhuset og du får mykje meir. Alle medlemmer får boka som ein del av årskontingenten. Alle kan dessutan kjøpe ei eller fleire ekstra. Du kan gjerne teikne deg som medlem i ØH denne kvelden – og boka er di! Vi kan elles opplyse om at årboka vert til salgs to stader i Sjøholt sentrum fredag 19. og laurdag 20. desember på ettermiddag. Ei flott julegåve for nokon kvar – kom og kjøp – du kan også her teikne deg som medlem i laget vårt! Tusen takk til annonsørane våre som gjer det muleg å få ei årbok på plass også i år.
ØRSKOGKALENDER 2026.
Ørskog historielag har også i år fått laga kalender med Ørskogbilete – sjølvsagt for 2026. Alle husstandar skal i desse dagar ha fått utdelt kalenderen gratis. Skulle nokon mangle , ta kontakt med underteikna. Kalenderen er dessutan til sals på salgsdagane ovanfor. Her vil vi takke kalendernemnda for godt arbeid. Annonsørane våre gjere det muleg å få laga ein kalender – tusen takk til desse.
Til slutt vil Ørskog historielag ønskje alle ca 370 medlemmer, tillitsvalde – og alle dokke andre som støttar og hjelper oss i arbeidet vårt, ei retteleg god og velsigna julehøgtid. Vi ser fram til 2026 – mange oppgåver ventar – nye og vidareføring av alt vi er i gang med. Godt nytt år!
Ørskog historielag Ragnar Bakken – leiar –