Kveldsete med Fjellstova i sentrum

Tema og stad for laget si kveldsete tysdag 13. februar var Fjellstova på Ørskogfjellet. Oddbjørn Hjelle stod for avtalar med vertskapet og innleiing på kvelden med å ta oss attende til han som starta det heile – Peder Bårdsgjerde. Peder var fødd i 1921 og budde på heimegarden i Bårdsgjerde. Han bygde seg hus på heimegarden under krigen og vart gift med Margit fødd i 1918. Ny løe kom på plass i 1953. Peder arbeidde i fleire år hos Bjarne Hansen på Sjøholt, seinare på Stokke fabrikkar på Moa.

Under utskiftinga på 50-talet fekk Peder råderett over ca 400 mål på Ørskogfjellet. På 50-talet vart fleire militærbrakker flytta frå Tueneset til Ørskogfjellet der Heimevernet hadde festa tomt av Peder. Utan kokkeopplæring tok han på seg oppgåva som kokk i denne leiren, Margit var nok læremeisteren her. Vaktmeisteroppgåver vart også Peder sitt ansvar. Etter kvart kom tanken om å starte sitt eige nært heimevernsleiren. Familien slutta opp om ideen og i 1965 starta bygginga av ein kafe mm. Grunnflate 180 m2 i 2 høgder.

Det viste seg at Peder si satsing vart ein suksess. Kafeen gjekk godt, mykje folk nytta fjellet vinter og sommar. Dans, bryllaup og andre samkomer vart det mange av. I 1977 vart Fjellstova utvida med 220 m2. Tankane om ein hotelldel dukka også fram, dette vart skrinlagt og i staden vart 16. hytter bygde for utleige.. Parkeringsplassen vart utvida med plass til om lag 100 bubilar m.m Peder og Margit dreiv Fjellstova fram til 1988 då dei to var pensjonistar. I åra etter var Fjellsova ute av drift eller vekkleigd til fleire drivarar. I 2001 kom sonen Olav Jan heim etter fleire års røynsle som hotellmann. Han dreiv Fjellstova i perioden 2001 – 2006. Han tok då avgjerd om å selje eigedomen.

Under kveldseta fortale så dei nye eigarane Harry Klein Hulse og Hilde — frå Nederland – om korleis dei til slutt enda på Ørskogfjellet. Dei har alltid vore glade i landet vårt, og i 2006 var dei nok ein gong på ferie her. Tanken om å ta over og drive camping m.m. ein stad i landet vårt voks fram. Kalvatn i Volda, Stryn, Gjøa var m.a. inne i biletet. Prinsen camping var fullbooka ein kveld denne sommaren og hytte og overnatting på Ørskogfjellet vart løysinga for far, mor, og 2 barn No gjekk det raskt unna – etter samtale med Olav Jan om at alt var til salgs. Alt i desember same året var slag og kjøp gjort og i februar 2007 kom dei flyttande frå Nederland. Livfullt fortalde dei om alle utfordringane dei stod over for som nye eigarar og drivarar av denne staden. Mange brikker måtte på plass.. Ingen hadde røysnsle for denne oppgåva – særleg galdt det norsk mat og matskikkar. Ørskogbygda tok svært godt i mot den nye familien.Det galdt bygdefolket, ordførar, Sjøholt skule m.fl. Potetball på torsdagane har vore fast heilt sidan starten. Skilnaden på svineribbe og ribbe var ikkje gitt i starten.

I 2015 tok Hilde fagbrev som kokk og mange frå nærmiljøet har fått prøve seg i arbeidslivet ved å jobbe på Fjellstova. Arbeidsoppgåvene var mange knytta til store lokale, hytter og ikkje minst kjøkken! Dei kunne vise til besøk av Erna Solberg – dagen då Tresfjordbrua vart opna. Begge snakkar i dag godt norsk og trivst tydeleg godt i den rolla dei har hatt i om lag 18 år.

Fjellstova er i dag til salgs – men det hastar ikkje seier Harry med eit smil. På kveldseta hadde dei to funne fram mange artige minne frå åra som ligg bak. Bilete, avisartiklar, små hjenstander og ikkje minst postkort som var innkjøpte i Peder si tid.

Historielaget og dei knapt 40 som var til stades denne kvelden, vil takke Harry og Hilde for ein svært kjekk kveld. Takk for kaffi og snurrar!  Takk også til Oddbjørn Hjelle for tilrettelegging og Terje Misund for god lyd!

Ragnar Bakken – – leiar Ørskog historielag –