Kyrkjegardsvandring med Siv Krokfoss

3:50 pm

Ørskog historielag, med Siv Krokfoss i spissen, tok oss med på ei interessant vandring på Ørskog kyrkjegard sist onsdag.. Takk til dei som har ansvar for graset; kyrkjegarden var velstelt denne kvelden. Siv er alltid godt førebudd når ho tek på seg oppgåver for laget vårt, og vi set stor pris på innsatsen hennar for ØH. Oddbjørn Hjelle stilte med eit svært godt lydanlegg.

 I alt 13 personar – det hadde vore plass til fleire – følgde Siv rundt til seks utvalde gravminne. Vi var innomgravminna til  Sivert Stavdal, Nils Kolvik, Peter Fleming, Petter Kjeldstadli, Ingeleiv Stene og Arit Tomren. Siv hadde funne fram mykje bakgrunnsstoff, som ho presenterte for dei frammøtte. Vi fekk ta del i ein historietime godt førebudd og gjennomført. Det truga med regn frå vest – men nedbøren let vente på seg.

ØH takkar alle som er med i laget sitt arbie. Vi har mange viktige prosjekt på gang. Vi sjåast til starten på haustsesongen ut i august.

Ragnar Bakken