«Mitt barndoms rike»

Godt over 40 personar hadde funne vegen til Frivillegsentralen på Sjøholt tysdag 3. oktober 2023. Historielaget inviterte til kveldsete, og hadde fått Jostein Tomren – frå Li i Ørskog – til å ta oss med til 1950-talet – under tittelen «Mitt barndoms rike.»

Jostein trollbatt oss alle med sine livfulle og flotte skildringar. Vi vart tekne med på dei mange spennande opplevingar  gutane fylte dagane med. Det går for langt å prøve på å gje att alt Jostein formidla. Det må opplevast!