VEDTEKTER FOR ØRSKOG HISTORIELAG
Ørskog Historielag har til føremål å ta vare på kunnskapen om fortida til dei bygdene som ligg i Ørskog kommunedel i Ålesund kommune, og arbeide for at folk kan få del i denne kunnskapen.
Dette kan gjerast ved mellom anna:
a) å samle inn folkeminne og anna tradisjonstilfang
b) å leite fram og systematisere opplysningar i skriftlege kjelder
c) å spreie desse opplysningane ved å gje ut bøker og tidsskrift, eller halde kurs og foredrag.
d) å nytte digitale midlar i arbeidet sitt
Laget er medlem av Sunnmøre Historielag og Landslaget for Lokalhistorie (LHL)
Alle kan bli medlem av historielaget og ha røysterett på årsmøtet mot å betale den årskontigent som årsmøtet fastset. Etter framlegg frå styret kan personar som på ein framifrå måte har støtta opp om arbeidet i laget over lang tid, utnemnast av årsmøtet til ÆRESMEDLEMER i laget. Laget har eigne statuttar for æresmedlemskap.
Laget skal ha eit styre på 5 medlemer valde av årsmøtet for 2 år om gongen, og 3 varamedlemer valde for l år om gongen. Første året går 2 av medlemene ut etter loddtrekning. Mellom styremedlemene vel årsmøtet leiar for l år. Årsmøtet vel medlemer til undergruppene. Styret vel sjølv nestleiar, skrivar og kasserar.
Styret held møte når leiaren finn det tenleg, eller når ein annan styremedlem krev det. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer eller varamedlemer er til stades.
Laget skal ha 2 revisorar, og ei valnemnd på 3 medlemmer. Årsmøtet vel desse kvart år. Årsmøtet i Ørskog Historielag kan opprette undergrupper som arbeider etter vedtekne retningsliner frå styret.
Årsmøtet er laget sitt høgste organ. Det vert halde ein gong om året innan utgangen av mars. Innkallinga skal kunngjerast minst 14 dagar før møtet. Årsmøtet drøftar styret si melding og arbeidsplan for komande år. Det handsamar den reviderte rekneskapen og føretek dei lovfesta vala. Saker som medlemer ønskjer å ta opp til drøfting og avgjerd på årsmøtet, må vere styret i hende seinast 15. februar. Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte med varsel som for ordinært årsmøte.
Det skal førast møtebok både for styremøta og årsmøta.
Desse vedtektene kan endrast av årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei som møter. For at laget skal oppløyast, må 2/3 av dei frammøtte på årsmøtet røyste for det. Dei midlane som laget rår over, skal då nyttast innafor arbeidsføremålet til laget. Ei nemnd vald av årsmøtet administrerer dette til nytt historielag er skipa.
Lov for Ørskog Historielag vedteken første gong: 16. april 1985 (skipingsmøte)
Lova endra til vedtekter inkl. andre endringar: Årsmøte 5. mars 2024