Ørskog Historielag klar for arbeid med mange oppgåver

10:01 am

Sommaren 2025 er over – i alle fall på kalenderen. Haustmånadene står for tur med september i spissen. Sommaren var fin – hausten er fin så langt. 

Stortingsvalet er unnagjort. Det som er att av valflesket, er frose ned. Det kan kanskje nyttast att om to år. Ikkje alle er nøgde med resultatet av valet. Slik vil det nok alltid vere i eit demokrati med eit hav av ulike vallister og kandidatar. Vi får ta det positive – kvar og ein av oss kan fritt gjere sitt val – takk for det. 

Vi bur oss på haust og vinter då mange kulturaktivitetar blomstrar. Eg er ein god del oppteken med arbeidet i Ørskog historielag. Litt nytt til avisa frå oss.  Vi har no om lag 370 medlemmer – nokre av desse bur utanbygds – som rimeleg er. Takk til alle desse 370 for at du har valgt medlemskap i laget vårt. Etter ein pause høgste sommar var styret samla til møte 19. august. Her drøfta vi ei rekkje saker for tida framføre. 

  • Sætretur til Kanndalssætra 24. august med om lag 30 deltakarar. Flott!
  • Skriftnemnda er i godt gjenge med årboka for 2025. Vi gler oss!
  • Kanskje vi kan invitere til demonstrasjon av Kvernhuset i Wenzellelva?
  • Vi tek mot foto som kan registrerast – nemnda tek mot med Siv Krokfoss i spissen.
  • Paktarhuset er ferdig renovert. Legg meke til det siste som kom på plass – ny ytterdør!
  • Postvegnemda ryddar og legg til rette for ein flott turveg!
  • Vi vil hald fram med kveldseta våre: Oktober: Bilete frå Ørskog. November: Verksemda Filtra. Desember: Årbok 2025.
  • Vi har fått eit nytt lokale stilt til disposisjon gratis av, Ørskog Sparebank i Ørskog Næringsbygg. Nabo til Frivillegsentralen med minnesamlinga etter Olav Oksvik Tusen takk til banken!
  • Vi er aktiv deltakarar i stiftinga Olav O. Minnesamling. Årleg konferanse 21. oktober. Byste – Ola Stavseng startar arbeidet i desse dagar. Takk for mange gode bidrag.
  • Vi vurderer kjøp av møblement etter Olav Oksvik. Vi vurder skyssvogn og slede.
  • Ørskogkalender 2026 – arbeidet startar i desse dagar.
  • Bruk heimesida til Ørskog Historielag.

Dette var nokre glimt frå arbeidet vi driv og det som ligg framføre!

Vil du bli medlem hos oss? Bruk heimesida eller ring 90205435 (RB)

Vel møtt til tiltak og arrangement som ØH legg opp til framover!

Ragnar Bakken – leiar  ØH –