Ørskog Historielag med sommarhelsing

Vinter og vår går no over til sommar. Slik også for Ørskog Historielag. Dei fleste aktivitetar i laget sin regi tek for det meste ei kvilestund før vi er på bana att i august. Eg vil som leiar ønskje alle våre 347 medlemmer ein god sommar markert på ulike måtar. Alle våre tillitsvalde skal dessutan få med seg ei velfortent takk for flott innsats innan laget sine mange aktivitetar.

Eg vil gjerne her summere opp og omtale nokre av dei mange tema og oppgåver vi er engasjerte i. Mange av laget sine engasjement går over år – dei kjem regelmessig attende og gjer oss aldri opprådde for arbeid. Laget har eit eige styre på fem medlemmer der leiarane i dei ulike nemnder og utval er fast med på medlemsmøta – som då oftast utgjer 10 personar. Styret har det overordna ansvaret for drifta av laget, medan svært mykje av dei konkrete oppgåvene er overtlatne til utval og nemnder.

Eg tek turen innom nemndene og startar denne gongen med Postvegnemnda. I om lag 20 år har denne nemnda teke seg av bygda sitt store kulturminne «Den Trondhjemske Postvei» frå Bergen til Trondheim – med parsell i Ørskog frå Amdamsfjøra til Vestnes grense. Oppgåvene har for oss omfatta vedlikehald og opprusting. Gras må slåast, småskog ryddast og skader utbetrast. Dette krev utstyr og arbeidsinnsats. Vi kjem vel i dette arbeidet aldri heilt i mål, men vi er godt på veg. Siste året har kommunale og regionale instansar verkeleg grepe fatt i arbeidet med dette kulturminnet. Fleire planleggingsmøte er halde og mange saker er under førebuing. Postvegen skal bli eit kulturminne for oss som bur i nærområdet og for turistar utanfrå.

Ørskog Historielag eig Paktarhuset på Ørskog Prestegard. Vi nyttar huset til fleire formål og eit hus frå 1901 krev stendig vedlikehald. I desse dager nærmar vi oss målet for ei total utvendig renovering – siste strøk med måling står att. Alt knytta til eigedomen er lagt til Paktarhusnemnda som gjer eit flott arbeid. Vi er stolte av korleis eigedomen står fram i dag!

Kvart år kjem laget vårt med eit årsskrift/ei årbok. Dette har vore tradisjon nesten sidan laget vart skipa i 1985. Skriftnemnda arbeider sjølvstendig og har gjennom 33 utgåver samla ei utruleg mengde lokalt stoff – historisk og frå dei næraste åra bak. Tema skal plukkast ut, skribentar skal engasjerast, arbeidet skal setjast saman, detaljar skal på plass  – og det heile endar opp hos meir profesjonelle utførarar – inntil boka kjem til oss i kasser i desember – godt eigna til julegåve. Boka er dessutan ein del av årspengane – slik at alle medlemmer får boka «gratis».

Teknisk utval har etter kvart fått ei rekkje oppgåver å skjøtte, noko dei utfører svært bra. Smia på Prestegarden er no ferdig renovert og smikurs vert fortløpande starta etter behov. Andre konkrete prosjekt: Lokomobilen, kraftverket i Ørskogelva, kvernhus i Wenzellelva, malmbane-traseen,  stabbur på  Folkehøgskulen mm. Alt skal stellast og haldast ved like!

Å ta vare på eldre og nyare foto er ei sentral oppgåve for ØH. Ei eiga nemnd tek seg av dette. Bileta vert registrerte, namn kjem på, og lagring skjer på Fylkesfotoarkivet. Nærare 4000 bilete frå Ørskog kan du leite deg fram til her. Nemnda tek gjerne mot meir biletstoff frå bygdene våre.

Styret har hovudansvaret for alle offentlege tilskipingar. Kveldsete har vi arrangert sidan 1998 – imponerande. Vi har til vanleg 6-8 kveldseter kvart år. Dessutan tek vi publikum med på ulike former for bygde- eller sætrevandringar – eller ein rusletur langs deler av Postvegen.

Ørskogkalenderen kjem til alle husstandar kvart år. Her har Rotary og Historielaget hatt eit godt samarbeid gjennom fleire år.

Eg nemner også at vi i vår har fått på plass ei heilt ny nettside. Eg takkar dei som her har gjort ein flott jobb – besøk og bruk sida du også: www.orskoghistorielag.org

Alt dette og meir til kunne ikkje laget ha fått til utan god og stor hjelp frå alle våre tillitsvalde – desse utgjer over 40 personar med ulike funksjonar. Tusen takk til kvar av dokke. Takk også til bygdefolket som sluttar opp om arbeidet vårt. Takk til støttespelarar og annonsørar – utan dokke ville mykje ha vore tungt! Vil du bli medlem? Ta kontakt med underteikna.

God sommar til alle – og vel møtt til ny innsats og deltaking til hausten!

Ragnar Bakken – leiar ØH