Referat frå styremøte i Ørskog historielag 23.01.2024

Stad: Møterom Lauparen – tenestehuset  

Tid: Tysdag 23. januar 2024 klokka 20 00 

Til stades frå styret: Ragnar Bakken, Karen Simonnes Aanes, Oddbjørn Hjelle, Karin Eide. Mette C. Loe forfall. Ingen vara

Frå nemndene: Bjørn Steinar Skarbø, Runa Klock, Ove Eide, Siv Krokfoss, Torstein Davik


Innkalling og saksliste godkjende 

Først i møtet drøfta vi korleis vi skal handtere eventuelle faktafeil i laget sine årbøker. Vi har registrert to slike tilfelle i dei nyaste årbøkene. Etter å ha drøfta aktuelle måtar å handtere slike saker på konkluderte vi:  I forordet frå skriftnemnda i framtidige årbøker vert det teke med eit atterhald om mulige feil i boka. Slike feil vert omtala og retta i påfølgjande årbok. Skriftnemnda handsamar slike saker. 

Sak 1: Godkjenning av møtebok frå 28.11.2023

Samrøystes vedtak: Møteboka frå 28.11.23 vart godkjend utan merknader. 

Sak 2: Nettside ØH – nytt v/Siv.

Nettsida er no fornya og fungerer med Fabian Davik som primus motor. Han har med seg Siv og Tore i arbeidet som må utførast knytta til nettsida.

Samrøyste vedtak. Styret takkar dei tre med Fabian i spissen for arbeidet med å få ny nettside på plass. Styret m.fl. må nytte ulike kanalar til å gjere nattsida vår kjend – m.a. omtale i lokalavisa.

Sak 3: Teknisk utval – aktuelle saker.

Leiar i utvalet Torstein Davik orienterte om dei ulike prosjekta utvalet har ansvaret for. I vinterhalvåret vil det meste vere tilsyn m.m. av dei ulike prosjekta som er aktuelt. Smikurs i februar.

Samrøystes vedtak: Styret tek orienteringa til vitande.

Sak 4: Skriftnemnda – aktuelle saker    

Leiar Bjørn Steinar orienterte om arbeidet i nemnda og førebuingane til Årbok 2024. Nemnda vil først kome i arbeid med årbok 2024 etter årsmøtet 5. mars.

Samrøystes vedtak: Styret tek orienteringa til vitande.

Sak 5: Fotoregistreringsnemnda – aktuelle saker. 

Nemnda har fullt ut av arbeid som ligg framføre, kunne leiaren Siv Krokfoss opplyse. Til våren vil fleire bilete vert oversendt til Fylkesfotoarkivet. Rikeleg tilgang på «nye» bilete.

Samrøystes vedtak: Styret tek opplysningane til vitande og gler seg over at nemnda har nok å gjere!

Sak 6: Paktarhusnemnda – aktuelle saker.

Leiar Ove Eide orienterte. Arbeidet med måling etc av Paktarhuset vil verte fullført tidleg våren 2024 – jf. firma Ramsvik. Bjarne Leikarnes vil lage teikning til ny ytterdør – som må godkjennast på Molde. Han kan også produsere døra til ein overkomeleg kostnad.

Samrøystes vedtak: Styret tek opplysningane til vitande og ser fram til at arbeidet med huset vert sluttført tidlegast råd i 2024.

Sak 7: Postvegnemnda – aktuelle saker.

Leiar Runa Klock orienterte. Inne i ein stille periode no vinterstida.  Arbeider med å å få på plass grunnavtalar vedk. vedlikehald med grunneigarar Postvegen. Planlegg bruk av restmidlar tildelt av fylket – jf bru Holane..

Samrøystes vedtak: Styret tek orinteringa til vitande.

Sak 8: Økonomirapport januar 2024

Orienteringssak – Karin orienterte knytta til utsende dokument i saka:

Saldo per d.d-:                        NOK 163.000

Ikkje bet årspengar 2024 – 70 stk … 29.000

Ikkje betalt reklame 11 stk

Alle krav/rekningar elles er betalte – nokre ligg til forfall.

Det er aktuelt å betale meir ned på lånet i ØS – det vert vurdert på eit seinare styremøte.

Samrøystes vedtak: Økonomirapporten vart teken til vitande.

Sak 9: Lån Ørskog sparebank. Jf. eventuelle utbetalingar av off. tilskot Postvegen og Paktarhuset. To søknader.

 Opphaveleg lånesum 300.000. Pr januar 2024 om lag 243.000. 

Renter pr mnd RS 1.600. 

Paktarhuset utbetalt RS 76.000.

Postvegen søkt utbetaling RS 54.000.

Saka vart drøfta – avvente ekstra nedbetaling av lån. Profilere banken – markerere kva tilskot og lån er nytta til. Markere ØH 40 år i 2025.

Saka vert å kome attende til etter årsmøtet.

Samrøystes  vedtak: Styret vil kome attende til saka etter   årsmøtet og økonomien til ØH er meir avklara vedk. 2024.

Sak 10: Kveldsete 13. desember 2023  Årbok 2023 v/Skriftnemnda. Evaluering.

Tysdag 13. desember 2023  

Frivillegsentralen.

Årbok 2023 – presentasjon. 18 personare stades.  Fleire av boka sine forfattarar tok del. Grei gjennomføringa av denne kveldseta – sjå m.a. omtale i avisa.

Samrøystes vedtak: Styret er godt nøgd med gjennomføringa av kveldseta 13. desember 2023.

Sak 11: Kveldseter/vandringar 2024 – fastsetjing av kveldseter 2024 inkl. tema – oppgåvefordeling. Inkl tilbod frå Helge Simonnes.

På styremøte 28.nov 2023 vart følgjande plan for kveldseter 2024 sett opp.

Januar:             Ikke kveldsete

Februar:          Ørskogbilder – Siv

Mars:               Årsmøte + Kveldsete m/Helge Simonnes 12. mars

April:               Ørskog sjukeheim

Mai:                 Tur m/orientering – deler av Postvegen: Amdam – Sjøholt

Juni:                Fjellstova Ørskogfjellet

Juli:                 Ferie

August:           Sætrevandring Hjellesætra

September:      Sjøholt Hotell

Oktober:          Minnesamling Olav Oksvik

November:      Pesonmaleria tema for kveldsete: Harald Grytten?

Desember:       Årboka 2024

Vedtak: Styret vedtek planen ovanfor. Styret arbeider vidare med næraare planar og oppgåvefordeling.

Styret drøfta på nytt planen og gjorde ein del endringar. Tema  og oppgåvefordeleing vart gjennomgått. Dagar:  utgangspunkt 1. tysdag i månaden – event seinare i månaden.

                                                                                                                                                           Oppgåvefordeling:

Annonsering – omtale avisa – tinge lokale..  LEIAR                                                                              Kaffi/forfriskningar: ODDBJØRN.                                                                                                      

Kontakt med førelesarar etc:

Februar – mars – oktober-november – desember: LEIAR .     

April: KAREN. 

Mai: ODDBJØRN og RUNA.

Juni: KARIN.

August: BJØRN STEINAR og OVE Sept

Ny plan ser slik ut:

Januar:             Ikke kveldsete

Februar:          Fjellstova Ørskogfjellet ODDBJØRN + TORSTEIN

                        Mars:               Årsmøte + Kveldsete m/Helge Simonnes 12. mars   RAGNAR

                        April:               Ørskogbilder – Ørskog sjukeheim   SIV

                        Mai:                 Tur m/orientering – deler av Postvegen: Amdam – Sjøholt.                     

                                                RUNA + ODDBJØRN

Juni:                Ørskog sjukeheim historie + i dag. KAREN + KARIN

                        Juli:                 Ferie

                        August:           Sætrevandring BJØRN STEINAR + ODDBJØRN

                        September:      Sjøholt Hotell TORSTEIN + OVE

                        Oktober:          Minnesamling Olav Oksvik. RAGNAR

November:      Peson-måleria jf Sjøholt Folkehøgskole tema for kveldsete: Harald Grytten RAGNAR

                        Desember:       Årboka 2024 BJØRN STEINAR

  • Oppgåvefordeling: Annonsering – omtale avisa – tinge lokale..  LEIAR                                                                             
  • Kaffi/forfriskningar: ODDBJØRN.                                                                                                       Kontakt med fø.relesarar etc: Jf månadsoppsett ovanfor.

Samrøystes vedtak: Styret vedtek endra plan for kveldseter 2024 som skissert ovanfor. Oppgåvefordelinga er i utgangspunktet også skissert ovanfor. Styret kan gjere endringar i løpet av året.

Sak12: Kveldsete februar 2024 – planlegging

Styret har etter ønskje frå Siv endra tema for kveldseta i februar. Nytt tema vert Fjellstova Ørskogfjellet. Seta kan forskyvast i februar om nødvending i høve kort planleggingstid. Eg vonar Oddbjørn og Torstein kan ordne med avtalar med eigar og event. andre som kan gje oss glimt av Fjellstova si historie og situasjonen i dag. Staden vert Fjellstova. Dei to melder attende til leiar for det som gjeld dato, innhald mm til bruk i kunngjeringar.

Samrøystes vedtak: Styret vedtek at kveldseta i februar vert plangt av Oddbjørg og Torstein der tema og stad er Fjellstova. Dato må tilpassast planlegging og eigar.

Sak 13.: Allmennsoga – fornying – vidare drøfting – konklusjon?

ØH har drøfta denne saka ved nokre høve – etter oppmoding frå Bjørn Steinar. Vi er så langt ikkje kome i mål for å kunne dra ein konklusjon. Skal vi satse på prosjektet eller ikkje??

Bjørn Steinar klarlegg meir til eit seinare møte.

Samrøystes vedtak: Styret vedtek å utsetje saka og bed Bjørn Steinar om å gje oss eit betre grunnlag å ta eit endeleg standpunkt på seinare styremøte.

Sak 14: Årbok 2023. Sal føre jul – medlemsverving.

Fleire ting var døfta og orientert om i denne saka.

  • Feilopplysningar i boka – jf. styret sitt vedtak ved starten av dette møtet-
  • Kveldsete med presentasjon 13. des.
  • Sal to stader + verving 16. og 17. des.
  • Ny medlemmer – 10 stk!
  • Antall bøker 510 stk
  • Mange gode tilbakemeldingar og pressedekning. Godt innhald.
  • 18 forfattarar – tusen takk!
  • Kostnad 103.00 for 510 bøker – under oppsett budsjett
  • Pakking og utlevering utført på dugnad – takk.
  • Takk til skriftnemnda.

Samrøystes vedtak: Styret seier seg godt nøgd med årboka for 2023. Styret rettar ei stor takk til skriftnemnda, forfattarar og andre hjelparar som har gjort at ØH også kan stille med nok ei årbok – nr 33 i rekkja. Takk også til Språksmia og Lasertrykk.

Sak 15: Årsmøte 2024 – status så langt – jf sak 28.11.23.

I styremøte 28.11.24 vart årsmøtet 2024 tidfesta til 5. mars.

Etter det er følgjande utført:

  • Melding til tillitsvalde datert 05.12.23
  • Melding med dokument til valnemnda
  • Oversyn over kva val som må gjerast 5. mars.
  • Frist oversending til leiar er sett til 15. februar.                                  
  • Rekneskap/revisjon – Karin og Linda
  • Nemndene årsrapportar 2023 til leiar innan 15.februar.
  • Møtestad Ørskog kulturhus alternativt Frivillegsentralen
  • God kake! – Karen ordnar/bestiller.
  • Tilrådingar til årsmøtet frå styret jf m.a. sak 17 nedanfor endeleg finpuss av førebuingar frå styret til årsmøtet på komande styremøte.

Samrøystes vedtak: Styret viser til vedtak 28.11.23 og oppsummeringa ovanfor og tek alt til vitande utan merknader.

Sak 16: Olav Oksvik stiftinga. Status. Orienteringssak.

Styret syner til vedlagde dokument: Møtebok 7. desember, ymse avisutklipp knytta m.a. til Oksvik-konferansen, innlegg i B.bladet v/Jostein Tomren

Samrøystes vedtak: Styret tek orientteringane og vedlagde dokument til vitande.

Sak 17: Lover/vedtekter ØH – revisjon – jf framlegg.

På årsmøtet til ØH i 2023 vart det m.a. ve4dteke at laget på årsmøtet i 2024 skulle ta stilling til ein del framlegg som krev førebuing, styrehandsaming og vedtak på årsmøtet.

  • Eventuell endring/revisjon av laget sine lover.
  • Inkl. innsendingsfrist til styret vedk. årsmøtesaker
  • Endring av namn frå Historielag til Sogelag?
  • Samla revisjon av laget sine lover
  • Spørsmål om eventuelt å innføre æresmedlemskap i ØH.

Leiar har teke utgangspunkt i laget sinne lover og har henta idear frå andre tilsvarande lag. Ut frå dette fekk styret eit utkast til framlegg i tråd med årsmøtet 2023 sine ønskje/vedtak.

Styret drøfta saka og vedtok nokre merknader til leiar sitt framlegg

Styret tok standpunkt til framlegget inkl. merknader og ut frå dette set leiar opp eit endeleg framlegg overfor styret/årsmøtet.

Statuttar i høve æresmedlemskap vart også styrehandsama. Framlegg frå leiar med nokre endringar vart vedteke som tilråding overfor årsmøtet. Alle punkta i vedtaket frå årsmøtet 2023 ligg innebakt i styret sitt framlegg.

Samrøystes vedtak: Styret følgjer opp årsmøtevedtak frå 2023 og vil fremje sak til årsmøtet i samsvar med leiar sitt utkast inkl. styret sine merknader. Endeleg finpuss av saka vert gjort på komande styremøte.

Sak 18: Retningslinjer – oppgåvefordeling – styre/utval ØH

Jf. sak 17 ovanfor. OH sine dokument knytta til retningslinjer og oppgåvefordeling i styre og utval må gjennom mindre revisjonar. Leiar legg fram for styret utkast til dei endringane som bør gjerast. Styret drøfta desse og gjorde nokre mindre endringar.

Samrøystes vedtak: Styret vedtek endringane i retningslinjer/oppgåvefordeling i styre/utval i ØH utarbeidde av leiar/styret. Styret tek atterhald knytta til eventuelle vedtak i årsmøtet jf. sak 17 ovanfor som kan ha innverknad på dette dokumentet.

Sak 19: Over Ørskogfjellet – bestille supplering?

Jf .sak på sist styremøte om eventuell innkjøp av fleire eksemplar av Tore Gjære si bok om vegar over Ørskogfjellet. Vi er no tomme. Leiar har innhenta pristilbod frå Språksmia der vi kan få 25 eks for kostnad RS 14.000 kr.

Samrøystes vedtak: Bjørn Steinar tek kontakt med Tore Gjære om han har eventuelle endringar som bør kome med i eit nytt opplag.  Bjørn Steinar tek også nærare kontakt med Språksmia. Styret ser det rett at ØH deretter bestiller 25 eks, av boka til ein samla kostnad på RS 14.000 kr. i Lasertrykk..

Sak 20Saker under arbeid – meldingar og skriv.

Avisutklipp. Vedlegg Til orientering

Motteke årbok 1993 + 2000 – 25 eks av kvar – Unitrykk            Til orientering

Ørskogkalender 2024 – evaluering. Ingen merknader

Ørskog Energi mulig bokprosjekt. Oddbjørn Til orientering

Medlemsstatus pr januar 2024. Nye-avgang mm. Til orientering

Medlemsbrev LLH september + november  2023 Til orientering

Historia om sild – 28.02.24 Invitasjon

Betalte rekningar Vedlegg Til orientering

Gravminne Lånamarka – oppfrisking.– Vedlegg Inkje nytt

Minneplate over omkomne i siste krig – eventuell supplering. Runa skaffar meir opplysningar om vedk. person

Årbok 2023 Skodje sogelag, Sunnmøre hist.lag. Til orientering

Medlemsregistrering pr 31.12.23.. Til orientering

Prisliste 2024 – skrifter frå Ørskog historielag Til orientering

Kandidatar kommunedelsutval  – jf vedtak 281123 Innsendt kommunen

Ålesund kommunen info til leverandørar Til orientering

Kartlegging av norsk skriftkultur … Sender svar – leiar

Søknad gåve Ørskog sparebank. Til orientering

Andre saker/meldingar.

Samrøystes vedtak: Sakene tekne til vitande jf. kommetarar

Sak 21: Neste styremøte –

Samrøystes vedtak: Styremøte tysdag 27. februar 2024 kl 20.00

Sak 22: Eventuelt

Ingen saker under eventuelt.

Møtet slutt 22.15

Ragnar Bakken – referent/leiar –             

Oppfølgjing av sakene 23.01.24:

Sak 1:         Alle

Sak 2:         Alle – nettsideansvarlege

Sak 3:         Teknisk Alle

Sak 4:         Skriftnemnda . Alle

Sak 5:         Fotoregistreringsnemnda. Alle

Sak 6:         Paktarhusnemnda. Alle

Sak 7:         Postvegnemnda. Alle

Sak 8:         Kasserar – Alle

Sak 9:         Kasserar – Alle

Sak 10:       Alle

Sak 11:       Styret – alle + utvalde jf saka

Sak 12:       Styret – Oddbjørn og Torstein

Sak 13:       Styret – Bjørn Steinar

Sak 14:       Skriftnemnda – alle.

Sak 15:       Alle – styret

Sak 16:       Alle

Sak 17:       Styret – alle

Sak 18:       Styret – alle

Sak 19:       Styret + Bjørn Steinar

Sak 20:       Alle – Runa

Sak 21:       Alle

Sak 22:       Inga sak

RB

historielaget styre 230124 ref