Rusletur på postvegen

Ørskog Historielag inviterte 17. september 2023 til kulturhistorisk rusletur på deler av Den Trondhjemske Postvei frå Landedalen og vestover til Gjære. Godt 20 personar hadde funne vegen til startpunktet ved Stortrøna i strålande haustvêr. Ragnar Bakken ønskte vel møtt, og leiar i Postvegnemnda Runa Klock orienterte om den nye undergangen i kryssinga mellom Postvegen og E136. Eit flott tiltak der ØH stod som pådrivar og Fylkeskommune og Vegvesen skaffa midlar.

Turen starta så, og første stopp var alt ved den nye lunneplassen nært ved. Med Terje Misund som lydmann, fekk Tore Gjære mikrofonen og gav oss første del av si orientering knytt til  det historiske rundt dette unike kulturminnet – Postvegen. Komne ned til Tverrelva og den gamle brua, var det tid for rast. Kaffi og matpakke vart leita fram – deltakarane storkosa seg med mat og prat. Meir orientering fekk vi etter kvart av Tore Gjære og Ivar Holmeide. Ivar har vore leiar i Postvegnemnda i ei rekkje år. Vi fekk vite med han korleis nemnda kvart år ryddar, slår gras og gjer vegen godt brukbar til tursti.