Sætretur med Ørskog Historielag – 24. august

10:27 pm

Gjennom fleire år har ØH arrangert bygdevandringar eller sætreturar. I år har vi planlagt tur til Kvanndalssætra. Søndag 24. august samlast vi til å besøke sætra som høyrer gardane Giskemo til. Vi følgjer E39 til eit stykke fram i Landedalen, der Postvegen er merka – Stortrøna. Her kan vi parkere og har då ca 1 time gange fram til sætra. Vi kan også køyre vidare på Postvegen fram til Kvanndalsbrua – her er også parkering. Vi kan også køyre heilt fram til sætra. Ver merksam på bompengar. Køyr gjerne saman. Vi samlast og startar kl 14.00 på sætra.

Det er gardane på Giskemo som har hatt og har si sæter her. Vi får vite meir om sætra si soge ved å ta turen dit på søndag. ØH har hatt fleire som har førebudd dette besøket på denne sætra. Losar er på plass og vil gje oss historiske glimt frå farne tider.

ØH tek sikte på å stille med lydanlegg og kjentfolk. Ta gjerne med litt å bite i med litt drikke til. Vi vil tru at heile samlinga vil ta om lag 2 timar. Veret bestemmer vi ikkje – så alle får kle seg etter ver og føre. I denne vesle orienteringa tek eg ikkje meir med om Kanndalssætra si soge. Det sparer vi til søndag 24. august. Velkomne til kvar og ein frå nær og fjern.

ØH – Ragnar Bakken – leiar