Stiftinga Olav Oksvik Minnesamling

11:09 am

Stiftinga Olav Oksvik Minnesamling

Sjøholt

6240 ØRSKOG

Dato 12.09.25

MØTEBOK STYREMØTE 11. september 2025.                                                           

Innkalla til styremøte:

Arild Aanes Vara: Edvin Nupen

Janet Roelofs Vara: Alice Kolstad Hafredal

Helge Giskemo Vara: Anne Lise Osvik

Oddbjørn Braute Vara: Karin Årdal

Ragnar Bakken Vara: Grethe Leikny Gjerde

Desse møtte: ARILD AANES – HELGE GISKEMO – RAGNAR BAKKEN – ODDBJØRN BRAUTE – KARIN ÅRDAL (vara) – GRETHE L. GJERDE (vara) – JANET Roelofs (sak 2).

Forfall/ikkje møtt: – EDVIN NUPEN (vara) – ALICE KOLSTAD HAFREDAL (vara).  – ANNE LISE OSVIK(Vara).

Stad: Frivillegsentralen

Tid: Torsdag 11. september 2025 kl. 19.00

Innkallinga datert 04.09.25 vart godkjend. 

Sakliste: Godkjend slik ho låg føre i innkallinga (mindre endring i nummereringa).

Sak 2. Økonomi

Kasserar møtte på denne saka. Ho presenterte den økonomiske stoda i stiftinga pr 11.09.25. Dette gjeld driftskonto og to kontoar knytta til bystesaka. Kasserar kunne elles opplyse at ho ventar på svar frå Ålesund kommune knytta til fritak som medlem i styret i stiftinga.

Status vedk dei tre kontoane til stiftinga:

  • Driftskonto: + 18.802,18 kr
  • Vipps – byste: + 14.465,72 kr
  • Bystekonto: + 355.839,21 kr 

Samrøystes vedtak. Styret tek meldinga knytta til økonomien i stiftinga til vitande.  Driftskonto er «skuldig» Bystekonto 13.653,75 kr. Styret merkar seg at stiftinga har motteke rekning for revisjon 19.963,75 kr Denne er ikkje betalt.Styret tek til vitande at bysta no er fullfinansiert jf tala ovanfor inkl. lova tilskot 35.000 + til gode på driftskonto.
Samla: 404.491,96

SAK 1. REFERAT.

 Referat frå styremøtet 14.08.25.

Byste – plassering på saklista til neste møte.

Avtale/kontrakt med Ola Stavseng frå 20.06.25 kan underskrivast. Ola er klar til å starte arbeidet med bysta.

Vedtak: Møteboka frå styremøtet 14. august 2025 vart godkjent utan merknader.    Plassering av bysta vert sak på neste styremøte. Kontrakt/avtale mellom stiftinga og Ola Stavseng kan no underskrivast med ein sluttsum på RS 403.000

Sak 3: Konferanse 21. oktober 2025.                          

Vi viser til tidlegare handsamingar av saka i styret. Vi summerer opp:

Dato: Tysdag 21. oktober kl 19.00

Ørskog kulturhus.

1 innleiar på plass: Hans Olav Lahlum. Det vert framleis arbeidd med å få på plass nummer to.

Tema: Demokrati i forvitring?

Mat: Bygdekvinnelaget er engasjert.

Møteleiar: Jan Erik Røsvik dersom vi får 2 innleiarar. Elles greie oss sjølve.

Billett: 100 kr

Opning av konferansen: Ordførar i Ålesund. Spørsmål/innlegg frå publikum må vere ein del av konferansen. 

Markedsføring: Aviser facebok – invitasjonar til politikarar m.m.

Finansiering. Styret v/Helge arbeider med saka – jf oppsett.

NYTT sidan sist:

Lyd og lys: ansvar Karin.  Vaktmeister må vere på plass før og under konferansen.

Pressemelding – aviser –  Facebook m.m.  – ansvar Ragnar B. 

Oversyn finansiering. Fleire lokale sponsorar er på banen – 3.000/5.000 kr pr stk. Lilja 3000 betalt – Gjensidige 7.500 betalt – Ørskog bilsenter 5.000 – – Sjøholt Catering 3.000 – Ambolten 3.000 betalt –– Nordvestnett 5.000 – Bunnpris 3.000 – Firma  Arne Dyrkorn 3.000. – Sjøholt Catering 3.000.

Bygdebladet påminning. Knut H. Vestre påminning. First Process påminning.

Frank Sekkeseter – TV Sunnmøre (møte 19.08). TV-program om minnesamlinga mm? Vi seier nei til tilbodet frå Frank Sekkeseter. 

Samrøystes vedtak: Styret tek opplysningane ovanfor til vitande. Nokre spørsmål vert arbeidd vidare med. Økonomien til stiftinga gjer at vi svarer nei til tilbodet frå Frank Sekkeseter

Sak 4: Ymse 

Neste styremøte – fastsetjing: Torsdag 9. oktober kl 19.00.

Ingen saker elles under sak Ymse.

Ragnar Bakken – skrivar/ref. –                                                                       OOM styre 110925 ref

Referat til alle medlemmer/varamedlemmer